nyhende

Ordførar André Mundal Haukås saman med finansrådgjevar i Haugesund Sparebank, Mari Arnestad og Martin Fauskanger. Dei håpar på stort fremmøte førstkommande torsdag.

Fleire søker økonomiske råd

Fleire tek kontakt med banken for å få hjelp med budsjett og langsiktig sparing. Finansrådgivar Mari Arnestad opplever at folk er blitt meir medvitne om økonomien etter fleire år med rente- og prisauke.

Publisert

– Då rentene var relativt låge, hadde skilnadene kanskje mindre å seia. No som rentene er høgare, merkar folk det, seier Arnestad i Haugesund Sparebank.

Sparar meir enn før

Når banken gir lån, reknar rådgivarane på om kundane kan tola at renta stig. Likevel kan det vera krevjande når dei høgare utgiftene faktisk kjem. Samtidig ser banken at fleire ønsker hjelp til å planlegga økonomien.

– Dei som har ein pressa økonomi, kjenner veldig på det. Dei må gjerne spara inn på ting og gjera ting annleis, seier ho.

Ho meiner likevel at dei fleste har kontroll. Lønsveksten har dei siste åra teke igjen noko av den kraftige prisveksten. Arnestad opplever at folk sparer meir no enn før pandemien.

– Det tyder på at mange har kontroll, men det er sjølvsagt også nokon som ikkje har det, seier ho.

Inviterer til møte

I slutten av 2025 sa banken takk og farvel til eget kontor i Sveio. Sjølv om Haugesund Sparebank har lagt ned kontoret i Sveio, lovar banken framleis lokal aktivitet.

Torsdag inviterer banken og kommunen til ein open kveld om økonomi, utvikling og framtidsutsikter.

– Me lova at me skulle oppretthalde nærværet vårt, sjølv om kontoret ikkje lenger er her. I tillegg til å være ein betydeleg sponsor til lokale lag og foreningar, tenkte me at det var på sin plass å laga eit arrangement for alle sveibuar, seier Martin Fauskanger, ansvarleg for vekst og relasjonar i Haugesund Sparebank.

Arrangementet «Verda, Noreg og Sveio – kva betyr den økonomiske utviklinga for oss?» blir halde i kommunestyresalen på Sveio rådhus torsdag.

– Me startar med eit helikopterperspektiv på verda og zoomar deretter heilt inn til Sveio, forklarar Fauskanger.

Prosjekt og utvikling i kommunen

Ordførar André Mundal Haukås skal snakka om prosjekt og utviklinga i kommunen.

– Økonomi er noko folk alltid er interesserte i. Eg trur dette blir veldig spennande, seier Haukås.

Han håper arrangementet kan bli starten på fleire lokale møte.

– Det blir ingen tung økonomisk analyse frå meg. Eg er nemleg betre til å preika enn eg er på tal, seier ordføraren

Powered by Labrador CMS