nyhende
Fleirtal ønskjer kortare arbeidsveke
Ei ny undersøking viser at meir enn sju av ti arbeidstakarar i Noreg ønskjer kortare arbeidsveke, medan fleire verksemder prøver ut nye arbeidstidsordningar.
Undersøkinga frå Norstat for NRK viser samstundes at mange arbeidstakarar ønskjer mindre arbeidstid for å få kvardagen til å gå opp , skriv NRK.
«Plussdag»
Arkitektkontoret Agraff i Trondheim har innført firedagarsveke annakvar veke for dei tilsette. Målet er å gi meir overskot og redusere sjukefråværet. Dei tilsette jobbar framleis full stilling og får same lønn som før, men har fri annakvar fredag, kalla «plussdag».
Ordninga kom etter at bedrifta først prøvde full firedagarsveke i eitt år, men fann ut at det ikkje gjekk rundt økonomisk. Leiinga meiner at meir fleksibel arbeidstid kan gi gevinstar for både tilsette og arbeidsmiljø.
– Vi har jo sett at vi er betre utkvilte og kan yte betre, seier tilsett Antonia Jaryd Johansen til NRK.
Har ikkje råd
Firedagarsveke, eller sekstimarsdag har ikkje Noreg råd til, ifølge NHO. Dei åtvarar på mot konsekvensane av kortare arbeidsveke med same lønn, og meiner det vil gi store kostnader for næringslivet.
– Å innføre firedagarsveke til same lønn vil innebere ein dramatisk lønnsauke, seier Nina Melsom i NHO.