nyhende

Ordførar i Osterøy, Lars Fjeldstad (Sp) stadfestar at opprøret er levert.

– For svært mange er bilen ikkje eit val

107 ordførarar har skrive under på oppropet som fredag vart levert til Stortingets parlamentariske leiarar.

Publisert

Initiativtakar og ordførar på Osterøy, Lars Fjeldstad (Sp), stadfestar at oppropet er levert til Nationen og Nettavisen.

– Vi meiner Stortinget må gjeninnføre avgiftskutta på bensin og diesel, seier Fjeldstad til Nettavisen.

I oppropet peikar ordførarane på drivstoffprisane som steig straks etter at avgiftskutta vart fjerna 1. september.

– Må ha berekraftige rammevilkår

– For svært mange er bilen ikkje eit val, men ein føresetnad for å komme seg til arbeid, levere born i barnehagen og delta i fritidsaktivitetar, heiter det i brevet som er skrive av Fjeldstad på vegner av alle ordførarane.

– Skal vi halde oppe busetjing, verdiskaping og aktivitet i heile landet, må folk og bedrifter ha føreseielege og berekraftige rammevilkår.

107 ordførarar har signert oppropet som krev at avgiftskutta blir gjeninnførte.

Slik fordeler partitilhøyrsla til ordførarane seg:

  • Senterpartiet: 76

  • Framstegspartiet: 12

  • Kristeleg Folkeparti: 7

  • Høgre: 5

  • Raudt: 1

  • Arbeidarpartiet: 1

  • Lokal liste: 5 (lokal liste er eit samleomgrep for ei politisk gruppering eller eit parti som berre stiller til val i éin eller nokre få kommunar)

Powered by Labrador CMS