nyhende
Foreldre og bønder er samde om to namn
Dagros og Litago tronar framleis øvst på kunamnstatistikken. To namn er inne på topp ti-lista for både jenter og kyr: Frida og Nora.
På ku-lista ligg Frida heilt oppe på ein fjerdeplass, medan Nora beitar i veg på tiande. På lista over jentenamn frå Statistisk sentralbyrå ligg Nora på tredje og Frida på sjuande.
Det er Tine som har utarbeidd lista over namn på kyr. Spesialrådgivar Stine Grønmo Kischel, som forskar på dyrevelferd, seier ho er glad for at det framleis er vanleg å gi dyra namn her i landet.
– Eg trur at det å gi namn også byggjer relasjonar mellom bonden og dyra, og så er det eit resultat av at vi enno har ganske små besetningar her i landet, seier ho.
Ifølgje ei pressemelding frå Tine er det i gjennomsnitt berre 34 dyr i kvar besetning.
Kultur og historie
Sjølv om Nora og Frida får selskap av ein del andre vanlege menneskenamn, som Anna og Sara, og ikkje minst dronningnamnet Sonja, held dei tradisjonelle namna stand. Både Rosa, Staslin, Klara og Rødlin er med. Stjerna og Svarta er også gamle namn som fortel noko om korleis kua ser ut.
Språkforskar Ivar Utne er glad for at dei gamle kunamna blir haldne i hevd – til forskjell frå namn på kjæledyr, som blir stadig meir menneskelege.
– Då er det fint å registrere at kua held stand, medan katta i stadig større grad blir tildelt menneskenamn, seier Utne.
Han trur bønder er meir opptekne av kultur og historie når dei gir namn til dyra, enn det byfolket er.
På kattetoppen finst ifølgje forsikringsselskapet Agria namn som Mia, Frøya og Elsa. Heilt på topp finn vi Luna.
Ulike tradisjonar
Kvar gard kan ha litt ulik praksis når dei gir namn til kyrne sine, fortel spesialrådgivar Stine Grønmo Kischel.
– Av og til kan ein kalv få namnet til nokon som har vore på besøk under kalving. Elles er namna ofte inspirerte av avlslinja, altså at Dagros får kalvar som blir gitte namn på «D», slik som Dagli eller Daghild, forklarer ho.