nyhende

Kraftanalytikarar har åtvara om at straumprisane kan bli skyhøge. Illustrasjosnfoto: Erik Flaaris Johansen / NTB/ NPK

Forskar ber politikarane utvide noregspris til kommunar

Politikarane bør utvide noregspris-ordninga for straum til også å gjelde kommunar og næringsliv, meiner ein utgreiar i forskingsstiftinga De Facto.

Publisert

– Utan politisk handling vil nye aukar i straumprisen bety ei forverring av velferdskrisa i kommunane, seier utgreiar Isak Lekve til Klassekampen.

Han har skrive fleire rapportar om konsekvensane av auka straumprisar.

Kraftanalytikarar har åtvara om at straumprisane kan bli skyhøge. Kvar gong straumprisen stig 10 prosent over det budsjetterte, mistar kommunane éin milliard kroner i kjøpekraft, ifølgje KS. Tal frå Oslo og Bergen viser at straumutgiftene er meir enn dobla sidan 2021.

Lekve meiner den største trusselen ikkje er sjølve straumrekninga, men at høge straumprisar driv opp inflasjonen og gjer det umogleg å få ned renta.

– Det er heilt øydeleggjande for kommuneøkonomien, seier han.

– Eit viktig grep bør vere å utvide noregspris til kommunar og næringsliv. Då får ein føreseielegheit og hindrar inflasjonseffekten som rammar kommunar, bedrifter og folk i form av høgare prisar og høgare rente, seier Lekve vidare.

Helge Eide, direktør for samfunn, velferd og demokrati i KS, meiner eventuelle meirutgifter heller må kompenserast i statsbudsjettet enn gjennom ei utvida noregspris-ordning.

Powered by Labrador CMS