nyhende
Fotballfest med 124 kampar
I helga var 81 fotballag, med spelarar i alderen 6-12 år, samla til Kiwi Cup på gras- og kunstgrasbanen i Sveio. Heile 124 kampar gjekk av stabelen på to dagar.
Arrangørane er fulle av lovord både om deltakarane og alle dei som legg ned timar med frivillig arbeid både før, under og etter arrangementet.
Det er to år sidan sist det var Kiwi-Cup i Sveio. I tillegg til å flytta cupen frå mai til september hadde dei i år gratis påmelding. Leiar for Kiwi Cup-gruppa i Sveio IL, Lene Tørresdal, synest det er gøy å sjå kor mange dei har klart å samla til fotballfest. Med så mange tilreisande er det ein god reklame for bygda å få visa fram både idrettsanlegg og leikeområde rundt skulen.
Dagleg leiar i Sveio IL, Håkon Kvarme Thorsen, kan melda om gode tilbakemeldingar og ei knirkefri gjennomføring. Dei mange frivillige som trengs for å arrangere ein Cup i denne skalaen har vore lette å rekruttera. Så godt som heile juniorlaget til Sveio var og med på dugnaden, mange som dommarar, i tillegg til føresette og eldsjeler.
Sjå bildegalleri lenger ned i saka!
Bygdenamn
Baneansvarleg Gaute Haug fremma idéen om å gje banane lokale namn i staden for tal som ofte er vanleg.
– Det fungerte fint, og det var artig når trenarar og oppmenn kom for å spørja om vegen til Haukås eller Ryvarden, humrar Haug.
Vikse, Tjernagel, Ryvarden, Førde, Haukås, Liereid, Auklandshamn og Sveio var alle namn på banane i cuphelga.
Fair play-pris
I sambrukshuset var det laga til kafé med ein rikhaldig kiosk. Rett på utsida blei det grilla hundrevis av hamburgerar til svoltne spelarar og publikummarar.
Rundt på området gjekk ein av dei frivillige rundt med ei ekstra oppgåve både laurdag og søndag. Det blei nemleg delt ut to Fair play-prisar til lag eller personar som utmerka seg med god stemning og oppførsel.
– Me gjer det for å halda og heva fokuset på rettferdig spel, fortel cupleiar Tørresdal.