nyhende

Ved denne skrivepulten i Jakob Sande sin barndomsheim har over 125 kunstnarar arbeidd med eigne prosjekt sidan residensordninga starta.

Frå diktarheim til internasjonal kunstnarresidens

Noreg har dei siste åra fått stadig fleire kunstnarresidensar, der historiske hus blir gjorde om til arbeidsplassar for skapande menneske. Eit av husa er Jakob Sande sin barndomsheim i Dale i Sunnfjord.

Publisert

– Dette er eigentleg ei skjult perle. Ein liten stad med eit overraskande rikt kunst- og kulturliv. Eg har nesten ikkje lyst til å fortelje andre kunstnarar om det, seier den spanske kunstnaren Laia Fabre.

Ho har nyleg hatt eit tovekers arbeidsopphald i barndomsheimen til Jakob Sande i Dale i Sunnfjord.

Ein del av ein større trend

Diktarresidensen i Dale er ein del av ein større trend. Dei siste åra har fleire kunstnarresidensar vakse fram rundt om i Noreg, og særleg på Vestlandet.

Blant dei om lag 18 kunstnarresidensane i landet finn vi Seanse i Volda, som har tilbydd kunstnaropphald sidan 2004, Kunstnarhuset Messen i Hardanger, Fjelberg Prestegard i Kvinnherad, Frida Hansens hus i Stavanger og barndomsheimen til Jon Fosse i Strandebarm som opna som kunstnarresidens i 2025. Også utanfor Vestlandet finst etablerte ordningar, som kunstnartunet i Leveld i Hallingdal og Wergelandshaugen i Eidsvoll.

Bokhylla er eit spor etter dei mange som har budd og arbeidd i diktarresidensen. Her kan kunstnarar leggje att bøker til glede for dei som kjem etter.

Ei oversikt over kunstnarresidensar i Noreg og internasjonalt finst hos Tekstallianse.

Ei lita bygd med store ambisjonar

Barndomsheimen til diktaren Jakob Sande er blant kunstnarresidensane som har vakse i popularitet sidan oppstarten i 2019. Til saman har meir enn 125 kunstnarar vore innom for å arbeide i huset i Dale. I år er mellom anna kunstnarar frå Færøyane, Spania, Austerrike og Storbritannia representert.

Ein av dei er Laia Fabre, som under opphaldet jobba med å utvikle manus til det som kan bli hennar neste kortfilm. Historia handlar om adopsjon.

Eit dikt av Jakob Sande pryder veggen i Klokkargarden, der nye forteljingar blir utvikla.

– Eg kom hit for å skrive. Målet var å få historia ned på papiret, og det har eg klart allereie den første veka, seier Fabre.

Ei skjult perle

Fabre har eit spesielt forhold til Fjaler. Ho besøkte plassen første gong som femtenåring, då ho deltok på den internasjonale ungdomsleiren LPC ved Heggnes i Fjaler. I fjor var ho tilbake som leiar for den same leiren, og gjennom ei teaterframsyning i Klokkargarden fekk ho høyre om diktarresidensen.

Ho søkte – og fekk plass.

– Eg har ingen plikter her. Eg kan bestemme heilt sjølv når eg vil skrive, når eg vil ete eller gå ned til fjorden. Det har vore veldig inspirerande.

Ho meiner kombinasjonen av natur, kulturliv og stillheit gjer staden heilt spesiell.

Arbeidsro og nye nettverk

Fabre si oppleving samsvarer med funn i forsking på kunstnarresidensar. Forskar Ola Berge i Telemarksforsking har evaluert støtteordningar for kunstnarresidensar i Oppland. Han peikar på at residensar gir kunstnarar arbeidsro, nye impulsar og høve til å byggje nettverk.

Han meiner også at slike ordningar kan styrke kunstproduksjonen:

– Ein kan dermed anta at den kunstproduksjonen desse kunstnarane og residensane står for, blir styrkt gjennom ordninga, skriv han i rapporten.

Frå diktarheim til kunstnarverkstad

Diktarresidensen i Dale er ein viktig del av Jakob Sande – senter for forteljekunst.

Senteret byggjer på arbeidet til Jakob Sande-selskapet, som sidan 1991 har arbeidd for å ta vare på og formidle arven etter diktaren. I dag er andre høgda i våningshuset gjort om til bustad for forfattarar, omsetjarar, forteljarar, forskarar og andre skapande kunstnarar.

Som del av opphaldet i diktarresidensen opna Laia Fabre dørene til arbeidsprosessen sin. Publikum fekk innblikk i filmprosjektet hennar og prøve kreative øvingar ho sjølv brukar når ho utviklar nye forteljingar.

– Vi diskuterte mykje korleis vi kunne bruke huset. Når dette var heimen til Jakob Sande, var det eigentleg heilt naturleg å invitere forfattarar hit, fortel arena-ansvarleg Margrete Reisæter ved Jakob Sande – senter for forteljekunst.

Ho understrekar at residensen ikkje er meint for kunstnarar som nødvendigvis arbeider med Jakob Sande.

– Målet er å skape nye tekstar og gi folk høve til å utvikle seg. Det treng ikkje handle om Jakob Sande eller vere på nynorsk, sjølv om mange av søkjarane skriv nynorsk.

Ein internasjonal møteplass

Sandes diktarresidens er ein del av eit større kunst- og kulturmiljø i Fjaler. I same område finn ein mellom anna Nordisk kunstnarsenter Dale, PreForm/Samvirket, Teaterfestivalen i Fjaler og Red Cross Nordic og United World College i Flekke. Til saman har desse miljøa gjort den vesle kommunen til ein møteplass for kunstnarar frå heile verda.

Arena-ansvarleg ved Jakob Sande-senteret, Margrete Reisæter har vore med sidan starten. Her står ho i Gamle skulehuset, inngangsporten til Jakob Sande – senter for forteljekunst, som i dag fungerer som møteplass, bokhandel og kafé.

– Det ballar på seg. Dei som kjem hit, inspirerer kvarandre, og miljøa trekkjer folk til seg. Dei finn eit samhald med kvarandre, seier Reisæter.

Ho meiner utviklinga heng saman med historia til Fjaler.

– Folk her er vane med at det kjem nye menneske. Internatskulane og dei internasjonale miljøa har gjort Fjaler til eit ope samfunn.

Gir noko tilbake

Mot slutten av opphaldet inviterte Fabre publikum inn i arbeidsprosessen sin. I staden for ei tradisjonell utstilling fekk dei frammøtte vere med på kreative oppgåver som ho sjølv brukar når ho utviklar nye prosjekt.

Blant dei frammøtte var Bente Haugen, som har delteke på fleire arrangement ved Jakob Sande – senter for forteljekunst.

– Mange av dei som kjem hit, er midt i ein prosess. Dei ønskjer å høyre kva publikum tenkjer om det dei arbeider med. Det er spennande å få vere med og sjå korleis dei jobbar, seier ho.

For Fabre har opphaldet gitt akkurat det ho håpa på: Eit ferdig førsteutkast til historia ho kom for å skrive – og nye impulsar til det vidare arbeidet.

I andre høgda i våningshuset i Klokkargarden ligg diktarbustaden der Laia Fabre har hatt sitt arbeidsopphald.
Powered by Labrador CMS