nyhende

Regnboge over Buavåg, med seglbåtar, skjer og roleg sjø mellom vågane.
Nydeleg i Buavåg denne onsdag morgonen. Regnbogen lagar bru mellom austre og vestre vågen.

Frå fargerik regn­boge til kvite fjell

To av Vestavind sine lesarar har fanga to ulike vêrfenomen dei to siste dagane. Bilda viser kor fort det skiftar frå haust til vinter på denne tida.

Publisert Sist oppdatert

Den doble regnbogen onsdag morgon var det mange som fekk glede av. Asbjørn Bua fanga den då den laga ei bru over vågen i Buavåg.

Ole Harald Ellingsen er ein trufast innsendar av bilde. Det var lite snø å sjå i lavlandet i Sveio torsdag, men på morgonturen ved golfbanen festa han snøen på Vikebygd-fjella til kamerarullen på mobilen.

Snødekte fjell bak grøne åsar og haustfarga vegetasjon under ein overskya himmel.
Snø på Vikebygd-fjella.

Powered by Labrador CMS