nyhende
Frå kompiskveld i kjellaren til fullt hus på Lid
Det byrja med eit par kompisar, ei dartskive og nokre piler i ein kjellar. No samlar dartmiljøet i Sveio fleire titals spelarar kvar veke.
Du skal ikkje ha teke mange steg inn i lokalet på gamle Lid skule før du forstår at det ligg litt alvor i lufta. Konsentrerte siktar dei frammøtte seg inn på tal etter tal. Først ein trippel, med håp om ein dobbel til slutt. Sakte, men sikkert jobbar dei seg ned til null.
For mange handlar det likevel minst like mykje om å koma seg ut og treffa folk som å treffa blink.
– Det er å koma seg ut, vekk frå ungar, gjerne vekk frå kona, og berre henga og ha det kjekt, seier Bjarte Thorkildsen med eit smil.
Kompisgjeng
Rundt han heng dartskivene på rekkje og rad. Denne kvelden har 16 spelarar møtt opp.
– Me er sikkert totalt rundt 25 medlemer, og 14 er ganske aktive, seier Geir Atle Lye Bårdsen.
Det heile starta langt mindre.
– Det byrja med at me var ein kompisgjeng som spela litt dart i ein kjellar. Så fekk me lyst til å spela mot fleire og møta andre folk, seier Bårdsen.
Dartinteressa i Sveio har vakse fort.
– Her i Sveio byrja det nesten med berre eit par stykk. No er det fordelt på to klubbar, ein i Sveio og ein i Førde. Til saman er det opp mot 45 utøvarar og fulle turneringar, forklarer Bårdsen.
For spelarane er ikkje dartkvelden berre trening. Praten og samværet tyder minst like mykje som poenga på tavla.
Leiv Magne Haukås peikar òg på høvet til å treffa folk frå bygda.
– Det er stort sett for å vera sosial og møta bygdefolk. Elles er det gjerne berre på 17. mai og rundt jul ein treffer mange av dei.
Snur fort
Internasjonale profilar som Luke Littler har ført til at dart har vakse i popularitet dei siste åra. Bårdsen meiner ei anna forklaring kan vera kor enkelt det er å byrja.
– Det er jo ein lågterskelsport. Du treng eigentleg ingen føresetnader for å kasta nokre piler. Kven som helst kan koma inn og prøva, seier Bårdsen.
Utgangspunktet er talet 501. Målet er null. Kor fort ein kjem seg nedover, er avhengig av konsentrasjon, presisjon og ein god dose trening. Stabiliteten er kanskje den største utfordringa.
– Nivået mitt svingar frå halvtime til halvtime. Nokre gonger går det veldig bra, og så kan det snu fort. Mange her kan kasta veldig gode piler i korte periodar, men utfordringa er å halda nivået over tid.
Som i dei fleste andre idrettar er det mengdetrening som gjeld, forklarer Thorkildsen.
Nytt lokale
Medan medlemsmassen har vakse, har klubben hatt større problem med å finna ein fast stad å vera. Lokalet dei brukar i dag, er allereie det tredje klubben held til i. Tidlegare heldt dei til på loftet i Sambrukshuset.
– Der fekk me låna eit rom éin gong i veka. Rommet vart brukt til andre ting òg, så me måtte pakka opp og ned alt utstyret kvar einaste gong.
Så gjekk turen til Vigdartun. Lokala på gamle Lid skule har dei fått låna fram til august neste år.
– Veks det meir, vert det trongt her òg etter kvart. Men akkurat no er det heilt supert. Me er kjempenøgde med lokalet me har fått her, seier Bårdsen.
Ein treng heller ikkje møta opp med dyrt spesialutstyr for å prøva.
– Det er ikkje slik at du må koma med piler til fleire tusen kroner for å spela her, påpeikar Thorkildsen.
Dermed er terskelen framleis om lag like låg som då det heile starta i ein kjellar.
Ei tavle, tre piler og nokon å spela saman med.