nyhende
Frå kritstrek på døra til luksus for tusenlappar
I fjor brukte vi i snitt over 700 kroner per person på julekalendrar. Korleis har adventstradisjonen gått frå nedteljing til dagleg luksus?
24 luker, pakkar eller overraskingar i ulike former er for mange ein fast del av adventstida. Men sjølve adventskalenderen starta som protestantiske familietradisjonar for å telje ned dagane fram til jul.
Nokre familiar teikna ein kritstrek på døra for kvar dag i desember fram til julaftan, og barna fekk viske vekk ein strek om dagen.
I Noreg vart julekalender vanleg omtrent etter den andre verdskrigen. I dag finst dei i alle former, fasongar og prisklassar. Og dei er ikkje berre for barn lenger.
Lukene kan innehalde alt frå små sjokoladebitar til dyre hudpleieprodukt, og nokre av dei dyraste har ein prislapp på fleire tusen kroner. Det har vore ei utvikling over fleire år at vi kjøper dyrare julekalendrar, ifølgje ei undersøking frå Opinion frå 2025.
Frå ræl til luksus
At julekalendrar ikkje berre er for barn, er ikkje noko nytt, forklarar Anita Borch. Ho er forskar hjå forbruksforskingsinstituttet Sifo, og har mellom anna forska på julegåvegiving.
– Ein begynte jo med å gi til barn, men dette med å kjøpe til seg sjølv eller partnaren har spreidd seg, og det er blitt vanlegare.
Borch seier vi kan skilje mellom enkle lukekalendrar og sjølvlagde pakkekalendrar, og at det også har komme ein ny kategori dei seinare åra.
– Det som har skjedd no i det siste, det er jo at desse dyre luksuskalendrane har komme, som har meir kvalitetsprodukt. Kanskje litt i motsetning til det rælet vi kjøpte til pakkekalendrar til barna, ler ho.
Slike «luksuskalendrar» kan koste opptil fleire tusen kroner og kan til dømes innehalde hudpleie, sminke, mat- eller drikkevarer. Men Borch understrekar at det ikkje nødvendigvis er så dyrt som det kan høyrast ut som, samanlikna med dei pakkekalendrane ein set ihop sjølv.
– Om du tenkjer på ein kalender til 2000 kroner, så er det rundt 80 kroner per dag. Og det er jo avgrensa kor mykje ein greier å få til med det. Så det er mogleg du må opp i den prisen for å få til noko meiningsfylt uansett, seier forskaren.
– Må ikkje vere dyrt
Tale Hungnes, leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, seier Borch har eit poeng. Men ho understrekar at det ikkje treng å vere dyrt med julekalender.
– Eg trur løysinga er å fylle lukene med noko anna enn ting. Ein kalender treng ikkje koste nesten 100 kroner dagen. Det kan vere ein lapp der det står «i dag skal vi ake», «i dag baker vi peparkaker» eller «i dag bestemmer du middagen». Det kostar nesten ingenting, er meir hyggjeleg, og det er ofte dei dagane ungane faktisk hugsar, seier ho.
Kjøpepress eller omsorg?
Luksuskalendrane har skapt debatt. Dei blir gjerne lagde ut for sal tidleg på hausten, og kan bli utselde på få minutt. Nokre meiner det bidreg til eit unødvendig kjøpepress.
– Når kalendrar blir lanserte i august med beskjed om at dei snart blir utselde, er det meint for å skape stress og selje mest mogleg. Det er jo sjølvsagt bevisst marknadsføring, meiner Hungnes.
Forskar Borch seier det ikkje er uvanleg at handelsstanden blir syndebukk.
– Jula er delt. Ho er på den eine sida ei kommersiell høgtid, det handlar om fråtseri og ræl og alt det der. Og på den andre sida handlar det om varige verdiar. Og mykje av diskusjonen som vi har før jul, det er fordi vi er så redde for at det kommersielle skal komme og ta jula frå oss. At det skal bli overskyggande, seier forskaren og legg til:
– Så gløymer vi kanskje litt at i eit moderne, kapitalistisk samfunn som vi lever i, så er det mykje av omsorga som blir uttrykt nettopp gjennom det kommersielle.
Hungnes i Framtiden i våre hender meiner likevel at handelsstanden veit å utnytte dette.
– Mange viser omsorg gjennom gåver, og det i seg sjølv er jo berre fint! Problemet er at handelen veit dette veldig godt og brukar det for alt det er verdt, seier leiaren.
Ho meiner derfor at ansvaret ikkje kan liggje på kvar enkelt av oss som står i butikken med freistande varer framfor nasen på oss.
– Samstundes kan vi hjelpe kvarandre med å senke forventningane. Viss nokon i vennegjengen eller familien tør å seie «i år gjer vi det enklare», skal eg vedde på at det er fleire som pustar letta ut. Jula blir ikkje betre av at vi kjøper meir. Det folk hugsar er tida saman, maten, turane og latteren, seier Hungnes.