nyhende
Frå toast og banan til vinnarlunsj
Korleis kan ei matpakke vere både sunn, freistande, enkel og realistisk å lage? Det fekk elevar på 9. trinn i Sveio bryne seg på då dei skulle utvikle sitt eige forslag til «Sveio-matpakka».
– Til vanleg går det helst i toast, gjerne med ein banan ved sida av.
Oliver Ytreland Måge, Romeu Sanchis-Valero og Hugo Rossehaug står rundt kjøkenbenken på skulekjøkenet ved Sveio skule. Dei tre har nettopp sett saman ein skulelunsj dei sjølve kunne tenkje seg å ha med.
– Eg synest det er viktig med ei god matpakke. Eg vil heller ha noko som ser freistande ut og smakar godt, enn noko som berre er enkelt, seier Sanchis-Valero.
Seks rettar på to veker
Elevane på 9. trinn starta skuleåret i mat og helse med ekstra merksemd på matpakker. I løpet av to veker laga dei seks ulike rettar. Deretter fekk dei i oppgåve å utvikle sitt eige forslag til «Sveio-matpakka».
– Elevane laga fleire ulike rettar, og så hadde dei ein konkurranse om å lage det me kallar Sveio-matpakka. Dei arbeidde anten åleine eller i grupper, fortel mat- og helselærar Annett Vikse.
Kriteria var at matpakka skulle vere sunn, freistande, enkel og realistisk å lage.
Opplegget er eit samarbeid mellom mat- og helselærarane og folkehelseprosjektet «Ei sunn sjel i ein sunn lekam». Folkehelseprosjektet har det siste året arbeidd på ulike måtar med mellom anna kosthald og måltidsvanar blant barn og unge. Målet er å skape større matglede og gjere det enklare å ta gode val i kvardagen.
Færre et lunsj kvar dag
Nasjonale tal frå Ungdata viser at mange ungdommar ikkje et lunsj kvar skuledag. I undersøkingsperioden 2023–2025 svara berre 62 prosent av ungdomsskuleelevane at dei vanlegvis åt matpakke eller annan lunsj på skulen alle fem skuledagane. Tolv prosent oppgav at dei vanlegvis ikkje åt lunsj på skulen.
På 9. trinn var det 68 prosent av gutane og 56 prosent av jentene som åt lunsj kvar dag. Tala viser også at færre et både frukost og lunsj etter kvart som dei blir eldre.
Dei som står bak folkehelseprosjektet, opplever at nokre elevar et lite eller ingenting i løpet av skuledagen, medan andre vel raske og enkle lunsjløysingar.
– Det synest eg er dumt, for matpakka blir gjerne erstatta med enkle løysingar som bollar, toast og nudlar, seier Vikse.
Det handlar ikkje om å bruke peikefingeren og fortelje ungdommane kva som er «sunt» eller «usunt». Tanken er heller å minne om at det først og fremst bør vere plass til maten som gjer kroppen godt og gir energi til resten av skuledagen.
Ungdommar kåra vinnarane
Til saman kom det inn 23 forslag til «Sveio-matpakka». Ei frivillig ungdomsgruppe knytt til folkehelseprosjektet gjekk gjennom alle bidraga og kåra to forslag til ein delt førsteplass.
Gruppa består av åtte elevar frå 8. til 10. trinn. Dei deltek også elles i folkehelseprosjektet, mellom anna gjennom idémyldring og planlegging av aktivitetar for barn og unge.
Dei to vinnarforslaga var omelett med tomat og skinke, servert med salat, og kyllingsandwich med avokado og tomat, servert med fruktsalat.
Prosjektleiar Signe Skjelbreid Myklebust lét seg imponere av rettane elevane hadde utvikla.
– Det ser utruleg freistande ut. Her er det brød, feitt frå avokado, fiber frå grønsakene og proteinrikt pålegg. Dette er eit fullverdig måltid med mykje god næring, seier ho.
I arbeidet har elevane også snakka om kva maten kan ha å seie for mellom anna konsentrasjon, humør og overskot gjennom skuledagen.
Mamma lagar ofte matpakka
Eit av kriteria var at matpakka skulle vere enkel å lage. Elevane vedgår at dei ofte vel ei enkel løysing – eller stolar på at mamma ordnar matpakka.
– Eg pleier å ete opp det eg får med heimanfrå. Det kan hende det blir nokre middagsrestar òg, fortel Rossehaug.
Då vinnarlunsjen stod på bordet, var dei tre samde om konklusjonen:
– Dette var så godt at eg vil ha det med til lunsj i morgon òg.