nyhende

Stadig fleire arter kryp inn på framandartslista, og planteimport er ei av dei største kjeldene til auken. NINA-forskar Anders Endrestøl følgjer nøye med på blindpassasjerane.

Framande artar har fått fotfeste i Noreg

26 framande artar som tidlegare var vurderte som dørstokkartar, er no etablerte i Noreg. Det vil seie at dei formeirar seg i norsk natur.

Publisert

Dette kjem fram i nye risikovurderingar frå Artsdatabanken.

Framandartslista er oppdatert med ny kunnskap om fuglar, sopp, eggsporesoppar og virvellause dyr på land og i ferskvatn, ifølgje ei pressemelding frå Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Dørstokkartar

Dørstokkartar er artar som enno ikkje har etablert seg eller formeirar seg sjølvstendig i norsk natur, men som kan kome til å gjere det i framtida.

– Det er openbert at klimaendringane fører til at stadig fleire framande artar kan få fotfeste i norsk natur, seier Anders Endrestøl, forskar i NINA og komiteleiar for gruppa terrestriske invertebratar.

Lauvflatorm er ein art forskarane har hatt særleg merksemd på dei siste åra.

Eit eksempel er fjørvingebilla Acrotrichis sanctaehelenae. Ho er funnen i kompost og har truleg kome inn med planteimport. Det er sannsynleg at denne billa kan invadere store delar av Austlandet dei neste 50 åra. Derfor er arten vurdert til potensiell høg risiko.

Ein annan av nykommarane som vekkjer uro er lauvflatorm. Han dukka opp første gong i Noreg i fjor, og sidan er han påvist fleire gonger på importerte produkt.

Store kostnader

Framande artar kan føre til store økologiske og samfunnsøkonomiske kostnader. Når dei først har etablert seg, kan dei vere nærmast umogleg å få bort. Derfor meiner NINA at det er viktig å vite kva artar som kan kome til Noreg, og kva risiko dei kan utgjere.

– Å vere i forkant og gjere gode vurderingar av kva skadar dørstokkartar kan føre til i norsk natur er også viktig i eit beredskapsperspektiv. Då vil vi vere førebudde og betre i stand til å takle dei utfordringane som følgjer med dei. Sjå berre kor mykje problem den såkalla «larven frå helvete» har skapt i Danmark, seier Endrestøl.

Powered by Labrador CMS