nyhende

Det vart i fjor registrert 55.844 fødde born i Noreg.

Framleis aukande snittalder for foreldre i Noreg

Snittalder ved fødslar i Noreg auka i 2025 til 32,0 år for mødrer og 34,3 år for partnar, mot 30,7 og 33,7 år i 2016.

Publisert

Det vart i fjor registrert 55.844 fødde born og 55.111 fødslar, ein liten oppgang frå 2024, men tala er framleis lågare enn ved byrjinga av tiårsperioden. I 2016 vart det registrert 60.064 fødde born og 59.121 fødslar.

For førstegongsfødande steig snittalderen frå 29 år i 2016 til 30,4 år i 2025, viser Folkehelseinstituttets årsrapport for Medisinsk fødselsregister 2025.

Også fleire av dei andre trendane dei siste åra heldt fram i fjor. Trenden med aukande kroppsmasseindeks (KMI) før svangerskapet heldt fram i 2025. Vektauke gjennom svangerskapet kan bidra til ein auka risiko for komplikasjonar. 55,7 prosent av fødande kvinner var normalvektige ved starten av svangerskapet. Delen som er undervektige, går ned, medan delen som er klassifisert med fedme, aukar.

I 2025 vart 8,0 prosent av gravide registrerte med svangerskapsdiabetes, medan delen var 5,2 prosent i 2016.

På den positive sida held delen daudfødde born fram å falle. I 2025 var delen på 2,5 daudfødde per 1.000 fødde born, det lågaste som er registrert.

Powered by Labrador CMS