nyhende

Mattilsynet melder at det so langt er kring 100.000 fjørfe som har vorte eller skal avlivast.

Fugleinfluensa breier om seg – påvist i Tysvær

Veterinærinstituttet ber folk vera på vakt, og melda frå om dei ser symptom på sjukdomen.

Publisert Sist oppdatert

I ei pressemelding skriv instituttet at det søndag var påvist fugleinfluensa i fem kommersielle fjørfehald, fire i Rogaland – eit av dei er i Tysvær, – og eitt i Agder.

– Dette er ei alvorleg sak for norsk fjørfenæring, og omfanget av denne saka gir oss ei tydeleg påminning om kor viktig det er å oppdaga smitte tidleg, seier fagansvarleg for fjørfe ved Veterinærinstituttet Silje Granstad.

Granstad seier bønder må vera særs merksame på auka dødstal blant fuglane, sjølv om auken skulle vera liten.

– Ved undersøking av døde fuglar bør ein vera særs merksam på blødningar i huda på beina, blåleg kam og hevingar kring hovudet. Dette er funn me har sett hjå fleire av dei døde hønene i dette aktuelle utbrotet.

Andre teikn kan vera sturing og redusert aktivitet, endra lyd, lågare eggproduksjon og pustevanskar.

Powered by Labrador CMS