nyhende
- Fugleinfluensa kan bli ein ny pandemi
Fugleinfluensa kan bli den neste pandemien, meiner pandemiforskar. Spørsmålet er kor dødeleg han kan bli.
I utgangspunktet er ikkje fugleinfluensa ein sjukdom som spreier seg rett frå fuglar til menneske.
- Men det er ei sanning med modifikasjonar. For om du får ein høg nok dose av viruset, så vil du bli smitta, seier Grødeland, professor ved Senter for pandemi- og enhelseforskning på Universitetet i Oslo (UiO), til avisa Nationen.
Ein slik smitte kan oppstå gjennom direkte kontakt med smitta fuglar, men endå meir urovekkjande er det når smitten spreier seg til andre pattedyr, slik som storfe.
Ifølgje Verdsorganisasjonen for dyrehelse (WOAH) har 40 ulike artar av pattedyr blitt smitta av fugleinfluensa. Dei siste åra har det vore eit utbrot blant mjølkekyr i USA.
Sjansen for at eit menneske skal bli smitta gjennom pattedyr, er svært mykje større enn direkte smitte frå fugl. Og då aukar også sjansen for at det oppstår eit virus som kan smitte mellom menneske.
- Når det skjer, då har vi ein ny pandemi i ei eller anna form, meiner Grødeland.