nyhende
Fugleinfluensa-utbrotet: Mattilsynet har vedteke avliving av 225.000 høner
I eit krisemøte i Mattilsynet tysdag vart det vedteke å avlive 225.000 høner hos ein egg- og unghøneprodusent.
Det melder Mattilsynet sjølv. Nationen skreiv først om saka.
Avlivinga gjeld alle unghøner ved den gitte produksjonsstaden. Mattilsynet opplyser at målet er å få kontroll over utbrotet.
– Fugleinfluensa er ein svært alvorleg dyresjukdom, og det kan få store konsekvensar dersom smitten spreier seg. Regelverket har difor strenge krav til korleis utbrot av denne sjukdommen skal handterast. Situasjonen er svært krevjande for dei bøndene som har fått påvist smitte og for næringa som blir råka av restriksjonane som følgjer av utbrotet, seier administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet i ei pressemelding.
Ei særskild risikovurdering frå Veterinærinstituttet ligg òg til grunn for vurderinga.
Avgjerda fører til at talet på avliva høns i fugleinfluensa-utbrotet meir enn tredoblar seg.
Utbrotet var frå før av det mest omfattande i Noreg nokosinne. Smitte er påvist på åtte gardar, og over 100.000 fuglar er avliva i Akershus, Rogaland og Agder.
Smitten vart spreidd via unghøner frå A&A Salte Kyllingoppdrett. Mattilsynet har òg opplyst at selskapet skal ha transportert fuglar utan løyve og ikkje gitt tilsynet fullstendig informasjon.
Smitten hos sju av åtte gardar har komme frå unghøner levert frå éi og same besetning. Fugleinfluensa er svært smittsam mellom fuglar og fører som regel til alvorleg sjukdom og død.