nyhende

Det er observert fuktskadar i dette bygget på Sveio skule. Kommunen er allereie i gong med utbetringar.

Fuktskadar kan kosta kommunen 300.000 kroner

Kondens har ført til fuktskadar i eit klasserom og eit grupperom i Vestbygget ved Sveio skule. No må kommunen finna fram lommeboka for å utbetra skaden.

Publisert

Fuktspora vart oppdaga i himlinga i to av romma i Vestbygget. Ein takstmann vart henta inn for å undersøka årsaka og vurdera om vatn har tunge inn gjennom yttertaket. 

Fiksa i sommar

Konklusjonen var at problemet skuldast kondens som oppstår fordi det er lagt plast på begge sider av isolasjonen i takkonstruksjonen. Denne løysinga kan føra til at fukt blir stengd inne i konstruksjonen og kondenserer.

Ifølge saksframlegget til rådmannen vart eitt av romma fiksa i sommarferien. Det andre rommet står for tur når skulen held stengt i haustferien.

Blir haldne under oppsyn

Vestbygget vart oppført i 1993 og gjekk gjennom ei lettare rehabilitering i 2019. Takkonstruksjonen er frå det opphavlege byggeåret og var ikkje ein del av rehabiliteringa.

Rådmannen seier i saksframlegget at same takkonstruksjon finst fleire stadar i bygget.

– Det er per i dag ikkje registrert teikn til fukt eller kondens i dei øvrige romma. Desse områda vil bli haldne under oppsyn, og det vil bli sett i verk nødvendige tiltak i dei romma der det eventuelt blir registrert teikn til fukt eller kondens, skriv rådmannen.

Utbetringane er anslått til å kosta rundt 300.000 kroner og blir henta frå driftsbudsjettet.

Powered by Labrador CMS