nyhende

Ein kyllingprodusent på Jæren varslar klage mot Mattilsynet etter at det er gjort vedtak om å avlive 225.000 høner på grunn av fugleinfluensa. Illustrasjonsfoto: Tor Erik Schrøder / NTB / NPK

Gard varslar klage etter beskjed om å avlive 225.000 fuglar

A&A Salte Kyllingoppdrett seier dei jobbar med ein klage etter at Mattilsynet vedtok avliving av 225.000 høner hos dei.

Publisert

– Dette er ei frykteleg vanskeleg tid for oss. Vi har 225.000 fine unghøner som no skal avlivast. Dyra et og drikk som normalt, dødelegheita er låg, og vi har ikkje sett teikn til sjukdom i dei andre oppdrettshusa. Slik har det vore i alle dagane sidan smitten blei oppdaga i det første huset. Dette er dyr vi har stelt og teke vare på kvar einaste dag, seier kyllingoppdrettaren i ein SMS til NTB.

– Vi reagerer sterkt på at avlivinga er vedteken utan at det først er tekne prøvar av dyra i desse husa. Vi veit at dyr kan vere smitta utan å vise sjukdomsteikn. Men etter så mange dagar utan teikn til sjukdom er det nesten ikkje til å forstå at avgjerda blei teken utan at dyra først blei undersøkte nærare, skriv dagleg leiar Andreas Salte i A&A Salte Kyllingoppdrett i tekstmeldinga.

Vil klage

Dei vurderer no å klage på vedtaket.

– Vi veit kor alvorleg fugleinfluensa er, og at det er Mattilsynet som bestemmer. Vi skal rette oss etter vedtaket. Men det gjer ikkje fortvilinga noko mindre. Derfor arbeider vi no med ein klage, skriv Salte.

– Dette får også konsekvensar for andre bønder som ventar på unghøner frå oss. Fleire kan bli ståande med tomme fjøs og utan produksjonen dei hadde planlagt. No må vi først og fremst handtere det som skjer på garden og ta vare på familien og dei tilsette, heiter det vidare.

Det var på tysdag at Mattilsynet i eit krisemøte vedtok å avlive 225.000 høner hos egg- og unghøneprodusenten på Jæren.

Stort utbrot

– Fugleinfluensa er ein svært alvorleg dyresjukdom, og det kan få store konsekvensar dersom smitten spreier seg. Regelverket har derfor strenge krav til korleis utbrot av denne sjukdommen skal handterast, sa administrerande direktør Ingunn Midttun Godal i Mattilsynet i ei pressemelding tysdag.

Avgjerda fører til at talet på avliva høns i fugleinfluensa-utbrotet meir enn tredoblar seg.

Utbrotet var frå før av det mest omfattande i Noreg nokosinne. Smitte er påvist på åtte gardar, og over 100.000 fuglar er avliva i Akershus, Rogaland og Agder.

Powered by Labrador CMS