nyhende

Entusiasme og fotballglede hand i hand!

Gav alt på Ryvarden for Sveio og Noreg

Meir enn 100 store og små sveibuar var samla Ryvarden fyr til ei økt bak årene for Noreg og Sveio før kvartfinalen mellom Noreg og England laurdag.

Publisert

Det norske «RO!-ropet» er blitt ein global trend, og denne torsdagen blei innsatsen på Ryvarden fanga på film.


Rampa frå kafeen til fyret var dekka av glade menneske kledd i raudt, kvitt og blått. Heilt i front stod Sveio sin ordførar, André Mundal Haukås, med stortromma. Etter eit par korte instruksar og prøveroing bar det i veg! 

Alt blei festa til film både av drone og droneførar Hilde Eide Helland frå Visit Sunnhordland og fotograf Heine H. Hasselkvist.

– Det er fantastisk å sjå samhaldet, felleskapet og stoltheita som denne fotballfesten har skapt. Anten folk samlast for å ro eller for å sjå kamp saman trur eg dette er opplevingar både born og vaksne kjem til å hugsa som gode minne frå VM – uansett kva resultatet blir, smiler Haukås.

Den ferdige filmen frå heile Sunnhordland blir sendt til alle som skal visa kvartfinalen på storskjerm i tillegg til at Visit Sunnhordland deler den på si Facebook-side.


Tuva Sveen Hesvik (t.v), Marius Mardal Moen, Odin Sveen Hesvik, Borghild Sveen og Jeanette Mardal i festhumør på fyret.


Eit par siste førebuingar og beskjedar før det heile trommast i gong.


Taktfast tromming følgt av eit rungande RO!


Meir enn 100 lokale roarar gav alt dei hadde denne torsdagen på Ryvarden.


Olai Hovda Askvig (t.v), Ludvig Hovda Habbestad, Hannah Hovda Askvig og Ragnhild Lysen Riegels fekk sitta langt framme i rekka av roarar. Olai og Ludvig heilt fremst.


Randi Økland Rød (t.v) med Marius Rød Hustveit på armen, Jan Einar Rød, Evy Kjellevold, Nina Apeland, Sofie Kallekodt (framme t.v) og Markus Kallekodt syntest det var gøy å vera med på filmstuntet.


Jorunn Aarsteinsen (t.v), Cathrine Aarsteinsen, Asle G. Halleraker og Amanda Halleraker etter ei rask og vellykka ro-økt.



Ordførar André Mundal Haukås gler seg til kvartfinale på laurdag.



Marion Linnea Bergmann Hasselkvist og mamma, Karina Bergmann, fekk vera med pappa Heine H. Hasselkvist på foto-oppdrag i ferien.


Ordførar i Sveio, André Mundal Haukås, samla roarane på rampa mellom kafeen og fyret.


Ei stund før filmstart klokka 18.00 starta folk å samla seg utanfor fyrvaktarbustaden.
Ein varm vind sørga for liv i flagga og skyene for perfekt fotovêr torsdag 9. juli.




Powered by Labrador CMS