nyhende
Gåvedryss frå Bråtveit bedehus
Etter nærare 50 år har Bråtveit bedehus fått nye eigarar, og til saman 2.750.000 kroner er no fordelt på ulike foreiningar, lag og organisasjonar. Laurdag vart ein epoke avslutta med hagefest, mimring og gåvedryss på bedehuset.
Den største mottakaren var Sveio soknehus og Sveio bedehus, som fekk 55 prosent av pengane. Soknehuset sin del på 1 210 000 kroner skal setjast inn i eit vedlikehaldsfond for det eksisterande soknehuset. Sveio bedehus får om lag 300.000 kroner inn på driftskontoen.
– Tidlegare samla me inn pengar til arbeidet med soknehuset i Sveio, og seinare har me mellom anna sponsa lydanlegget der. Nå blir soknehuset i Sveio også vårt bedehus, sa Edvin Reiersen.
Gåver til bedehus og misjon
Vidare vart 15 prosent av pengane fordelte mellom lutherske organisasjonar, herav fleire bedehus i Sveio, og Pinsemenigheten Filadelfia. Under utdelinga kom det takk frå representantar for fleire av mottakarane.
Den største enkeltgåva til eit bedehus gjekk til Førde bedehus, som fekk 170.000 kroner.
Også misjonsorganisasjonane fekk sin del av gåvemidlane. Mellom anna fekk Norsk Luthersk Misjonssamband 70.000 kroner, som dei vil bruke på leirstaden Solgry.
Gåver til bygda
Dei siste 15 prosentane vart fordelte mellom lag og foreiningar i bygda. Lid grendalag fekk 310.000 kroner.
– Dette er eit godt bidrag til prosjektet vårt, sa Helge Elias Tveit, som fortalte om planane om å byggje ein større pumptrack-bane på grusbanen ved Lid.
– Me ønskjer å skapa eit tilbod som både kan gje glede til ungane i bygda og vera attraktivt for folk utanfrå kommunen, sa han.
Lilly Krossgått Helland takka for 50.000 kroner som gjekk til Lid 4H, og 50.000 kroner til Arbeidsstova.
– Me hadde planlagt å kjøpa ny symaskin til Arbeidsstova. No ser eg at me kan handla inn meir enn det, sa ho.
Lid 4H skal nytta gåva til nytt inventar til klubblokala sine. Sjå fullstendig liste over mottakarane nedst i saka.
Variert bruk gjennom åra
Bråtveit bedehus slik det står i dag vart innvia i 1978. Det kom etter at det tidlegare bedehuset brann ned i 1974. I mellomtida vart aktivitetane drivne frå loftet på gamle Lid skule.
Reiersen fortalde om den sterke vekkinga som prega Sveio på 1970-talet, og som skapte stort engasjement rundt bygginga av det nye bedehuset.
Gjennom åra var det stor og variert bruk av bedehuset.
– Her har det vore barnehage, søndagsskule, yngresarbeid, konfirmasjonar, bursdagar, minnestunder, basarar, 17. mai-feiringar og møte for ei rekkje lag og organisasjonar. Det har vore tider med møter som varte i fleire dagar, fortalte Edvin Reiersen.
Blant bileta som blei vist fram frå tidlege år på bedehuset var også det første styret.
– Her var det mange menn, kommenterte Reiersen, men påpeika at dei i bedehussamanheng var tidleg ute med kvinneleg leiar. Lillian Krossgått vart vald som leiar på midten av 80-talet.
Prisvinnande friluftsbarnehage
Ein stor del av historia til bedehuset handlar om Bråtveit barnehage, som vart starta i 1979 og driven fram til nedlegginga i 2023.
Bjørg Matre fortalde om ein barnehage som vaks frå å vera korttidsbarnehage til å bli ein prisvinnande friluftsbarnehage med høg fagleg kvalitet. Ho løfta fram korleis den kristne profilen har følgt barnehagen gjennom alle år, mellom anna gjennom jule- og påskevandringar.
– På julevandringa var me i sauehuset til ein nabobonde. Her lukta det fjøs, det var dunkelt og me fekk ei heilt spesiell stemning då juleevangeliet blei lese. Ei sterk oppleving, fortalde Matre.
– Meir enn berre eit hus
Prost Arild Steinsland vart rørt av forteljingane som kom fram.
– Bråtveit bedehus har vore så mykje meir enn eit hus. Her har det vore lått og løye, venskap, samhald og kjærleik. Det har vore med på å forma livet til mange menneske, sa han.
Han peika på at sjølv om huset no er selt, lever mykje av arven vidare.
– Det har vore meir enn eit hus. Det har vore liv.
Med utdelinga vart verdiane frå Bråtveit bedehus fordelte i tråd med vedtektene for stiftinga. Desse slo fast at midlane ved opphøyr skulle gå til kristent arbeid og aktivitetar som kom lokalsamfunnet til gode.
Desse fekk gåver:
Sveio soknehus: 1.210.000 kr
Sveio bedehus: 300.000 kr
Frelsesarméen: 20.000 kr
Misjon Sarepta: 20.000 kr
Evangelisk Orientmisjon: 30.000 kr
Lys over land: 30.000 kr
Den Indre Sjømannsmisjon: 30.000 kr
Normisjon: 70.000 kroner
Indremisjonssamskipnaden: 70.000 kr
Det Norske Misjonsselskap: 70.000 kr
Norsk Luthers Misjonssamband: 70.000 kr
Lid 4H : 50.000 kr
Arbeidsstova : 50.000 kr
Lid Grendalag: 310.000 kroner
Bua bedehus : 25.000 kr
Tjernagel bedehus: 25.000 kr
Oa bedehus: 25.000 kr
Tittelsnes grendahus: 25.000 kr
7-stjerna: 25.000 kr
Rød bedehus: 30.000 kr
Pinsekyrkja Filadelfia: 40.000 kr
Auklandshamn bedehus: 50.000 kr
Førde bedehus: 170.000 kr