nyhende
Gjeldsordninga til regjeringa fristar ikkje studentane til å flytte heim
Studentar er meir opptekne av jobbmoglegheiter enn sletting av gjeld når dei skal velje bustad etter studia.
I ei undersøking Sentio har gjort på vegner av Norsk studentorganisasjon (NSO) og Khrono , har dei spurt 1000 studentar om dei kan tenkje seg å flytte heim etter studia, og kva som bestemmer kvar dei buset seg.
Seks av ti studentar svarer at dei kan tenkje seg tilbake til heimkommunen, men det er ikkje gjeldssletteordninga til regjeringa som lokkar.
I 2026 har regjeringa sett av 1,2 milliardar kroner på statsbudsjettet til den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Ordninga gjeld for 189 distriktskommunar. Ho krev at du har vore busett i kommunen i minst eitt år og har vore i arbeid. Om desse kriteria blir oppfylte, kan 25.000 kroner av studiegjelda bli sletta kvart år.
Av dei 1000 studentane som svarte på undersøkinga, svarte 45 prosent at jobbmoglegheiter er viktigast når dei skal busetje seg. 33 prosent svarte at familie betyr mest.
Berre 2 prosent av studentane svarte sletting av gjeld som ein grunn til å busetje seg ein stad.
– Ordninga vart presentert som eit tiltak retta mot studentar. Vi sa allereie då at dette ikkje var eit studentpolitisk tiltak. Resultatet tyder på at ordninga ikkje har hatt nokon stor effekt på bustadvalet til studentane enno, seier leiar i NSO Eva Franko Aas.