nyhende

Fleire i samfunnet vårt kan ha behov for ledsagar ved enkelte høve. No skal ein ny nettstad samle informasjon om korleis ein går fram når ein treng ledsagar.

Gjer det lettare å ha med ledsagar

Ein ny nettstad samlar informasjon om korleis ein tek med ledsagar på stader og arrangement i heile landet.

Publisert

Det er mange menneske i Noreg som treng å ha med ledsagar når dei skal på alt frå kino og teater til musikkfestivalar og symjehallar. Eigentleg skal det vera nok å ha med ledsagarbevis for å sleppa å betala dobbelt, men ofte er det langt frå so enkelt.

Kor gjeld eigentleg dette beviset? Må ein gjera ein avtale på førehand? No gjer tenesta Ledsa det lettare å få svar på det.

Tenesta vart lansert i august, og allereie no har 1.400 stader i 299 kommunar ført opp informasjon i appen og på nettstaden. 86 festivalar har gjort det same.

Dei gjev informasjon om kva ledsagaren må betala, kva som må ordnast på førehand og kor opplysningane kjem frå.

Ledsa melder sjølv at mange fleire er i ferd med å verta ein del av tenesta, og at over 500 har lasta ned appen berre den siste veka.

Powered by Labrador CMS