nyhende

Sveibuar på VM-kamp i Boston. Det blei tap 1-4 mot Frankrike, men Håvard Lehmann (t.v.), Sondre Kallevik Grutle og Nils Konrad Bua mista ikkje humøret.

Gjer som Nils Konrad Bua – send oss dine VM-bilde!

Send dine VM-bilde frå før, under og etter kampen til tips@vestavind.no.

Publisert Sist oppdatert

Haugesund-ordførar Nils Konrad Bua såg Noreg tapa 1-4 mot Frankrike på Boston Stadium fredag kveld. Men verken han eller andre sveibuar som var på kampen mista humøret. Noko bildene viser. Og midnatt tysdag 30. juni spelar Noreg 16. delsfinale. Den kampen skal også Nils Konrad vera til stades på.

Me fyller VM-albumet med lesarane sine bilde etter kvart som dei kjem.

Sveibu og Haugesund-ordførar Nils Konrad Bua stilte med FKH-skjerf i tillegg til det norske.


Slik gjer du det:

  • Send bildet/bilda til tips@vestavind.no i høgast mogeleg oppløysing. Vel «Faktisk størrelse» eller «Stor størrelse» om du får det som alternativ på mailen.

  • Hugs å skriva namn på fotograf, kvar bildet er tatt, kva og kven som er på bildet. Skriv namn frå venstre mot høgre.

  • Hugs å spørja personar som er med på bildet om det er greitt at du sender det inn.




Powered by Labrador CMS