nyhende

No er det lengda på ryggskjoldet du skal måle.

Gode hummarfangstar kan villeie

Hummarfangsten på Vestlandet har auka dei siste åra, særleg tidleg i sesongen. Men gode fangstar betyr ikkje nødvendigvis at bestanden har vakse, åtvarar hummarforskar. No skal også hummaren målast på ein ny måte.

Publisert

1. oktober klokka 8 byrjar årets hummarfiske. Dei siste åra har fleire fiskarar fått meir hummar i teinene sine, særleg i starten av sesongen, men forskar Johanna Bjånes Marcussen ved Havforskingsinstituttet (HI) meiner dette ikkje er eit sikkert teikn på bestandsauke.

– Vi er på ein liten fartsdump på veg opp eit høgt fjell. Vi er langt unna bestandsnivåa vi såg på 1920-talet, seier Bjånes Marcussen til Nynorsk pressekontor.

Den norske hummarbestanden har gått ned med ove r 90 prosent sidan 1928, går det fram av ein studie i 2022.

– Fritidsfisket er på ein måte eit mørketal, seier Johanna Bjånes Marcussen ved Havforskingsinstituttet.

I motsetnad til skrei og andre store fiskeri er ikkje hummarfisket kvoteregulert.

– Fritidsfisket er på ein måte eit mørketal. Vi har ikkje registreringstal for kor mange humrar som blir fiska, men vi veit kor mange fiskarar som deltek og kan trekkje ut eit utval for å kartleggje fangsten, seier Bjånes Marcussen.

Norske fritidsfiskarar fanga om lag ein halv million humrar i 2024, ifølgje HI. Det året var 35.000 fritidsfiskarar påmeldte til hummarfisket.

Vandrar i varmt vatn

Forskarane meiner å ha sett høgare fangsttal hos fritidsfiskarar dei siste åra. Vestlandet hadde mellom anna ein auke i fjor, men samtidig har sjøtemperaturen blitt høgare.

– Det kan vere ein del av forklaringa på dei gode fangstane. Hummaren flyttar meir på seg i varmt vatn og blir dermed meir fangbar.

1. oktober opnar hummarfisket.

Ein aktiv hummar kan gå over store område og kjem med det lettare i kontakt med teiner.

Dermed kan meir hummar i teinene kome av både ein større bestand og at hummaren vandrar meir. Auka fangst betyr altså ikkje nødvendigvis at bestanden har vakse tilsvarande.

Storleiken tel

Havforskingsinstituttet foreslo i 2017 at berre 10 prosent av hummaren i fangstane kunne vere lenger enn 32 centimeter. Dit har ein ikkje kome.

– I hummarverda er det storleiken som tel. Dei store hohumrane med rogn er beskytta mot fangst, men dei treng store hannar, som på si side har dårleg vern utan eit maksmål.

Eit forslag om felles makslengde for heile landet var på høyring i sommar, men blei ikkje innført frå Rogaland og nordover.

Det har kome ein ny metode for å måle lengda av hummaren som gir betre dyrevelferd.

Frå i haust blei målereglane for hummar endra. Tidlegare målte ein totallengda. No skal ein berre måle frå auga til bakre del av ryggskjoldet, såkalla ryggskjoldlengde. 

Minstemålet er 90 millimeter ryggskjoldlengde i heile landet.

– Det er eit meir stabilt mål og gir betre dyrevelferd, fordi ein ikkje treng å strekkje ut hummaren, seier Bjånes Marcussen.

Hugseliste for hummarfisket

  • Sesongen startar 1. oktober klokka 8. Frå svenskegrensa til og med Vestland fylke kan ein fiske hummar til 30. november, medan resten av landet får lov fram til 31. desember.

  • Skal du fiske hummar, må du vere registrert hos Fiskeridirektoratet kvart år. Berre teiner er tillatne, og grensa er ti teiner per person og per båt. Frå Telemark til svenskegrensa kan du ha maks fem teiner innanfor grunnlinja.

  • I 2026 er det nye mål for hummaren du har lov å ta med heim. Minstemålet er 90 millimeter ryggskjoldlengde i heile landet. Frå svenskegrensa til og med Agder er det også eit maksmål på 115 millimeter – større hummar må setjast ut att. Det skal målast frå bakre del av auga til bakkanten av ryggskjoldet.

  • Teinene skal ha to fluktopningar og eitt rømmingshol, og vaket skal vere merkt med deltakarnummeret ditt. Teinene skal røktast minst éin gong i veka.

  • Rognhummar er freda heile året. All hummar du ikkje har lov til å ta, skal straks tilbake i sjøen på ein måte som ikkje skadar han.

Powered by Labrador CMS