nyhende
Grasbanen blir stengt i sommar
Grasbanen til Sveio IL er ikkje i god forfatning. Frå veke 26 blir den stengt for eit større vedlikehaldsarbeid, og for at graset skal få ro til å gro.
– No er det viktig at banen får vera heilt i fred slik at graset får kvile og tid til å setta seg. Banen vil vera stengt fram til skulestart og sesongstart for fotballen slik at me får best mogeleg resultat. Løpebanen vil vera open for bruk, seier Håkon Kvarme Thorsen, dagleg leiar i Sveio IL.
Han oppmodar folk til å respektera sperringane, og det blir sett opp plakatar og skilt for å informera om kvifor banen er stengt. Veke 26 startar 22. juni.
Banemeisteren ikkje imponert
Han fortel at det blei fart i planlegginga av kva som må gjerast etter at FKH sin banemeister var på besøk. Banemeister var ikkje imponert over tilstanden til grasbanen, og kom med konkrete tips til kva som burde gjerast for å heva standarden.
Det er ikkje aktuelt med nytt dekke i første omgang, men eit forsøk på å reparera den eksisterande banen.
Valsar for å jamna ut
Sveio kommune er eigar av banen og står for mesteparten av arbeidet. Noko er gjort i fleire omganger tidlegare, mellom anna pigging, sanding, såiing og gjødsling.
– No skal det gjerast ein større runde med mellom anna pigging, lufting av banen, meir såing og gjødsling og valsing for å gjera banen mest mogeleg jamn. Så må graset få ro til å veksa, seier Fredrik Aalo Flood, einingsleiar for drift og anlegg i Sveio kommune.
Det har vore ein kald vår og lite vekst i graset fram til dei siste vekene. I tillegg til at banen får stå ubrukt, må ein håpa på grei sommartemperatur og ikkje altfor mykje regn.
– Gras vert slitt og må stellast, så planen er nye rundar med pigging, sand og såing vår og haust fleire år framover for å halda banen på eit greit nivå. Påfylling av sand og valsing vil gradvis gjera at grasmatta vert litt jamnare, seier Flood.
Bytte av kunstgras om to år
– Korleis står det til med kunstgrasbanen?
– Den blei lagt i 2011 og drar på åra, men er i rimeleg grei stand. Også der er det gjort ein del reparasjonsarbeid opp gjennom åra. No ligg det inne i kommunebudsjettet at den skal skiftast ut i 2028, seier Thorsen.