nyhende

– Vi ser tydelege forskjellar i kva gutar og jenter møter i sosiale medium, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Gutar og jenter blir vist forskjellige ting på sosiale medium

Gutar og jenter får servert forskjellig innhald på sosiale medium.

Publisert

Det viser ein analyse gjort av Analyse & Tall for Medietilsynet.

Jenter blir meir eksponerte for innhald om livsstil, mote, skjønnheit og mental helse, medan gutar får meir innhald om gaming, idrett og nyheiter.

– Vi veit ikkje om desse skilnadene primært kjem av ulike interesser eller algoritmiske vridingar. Men funna reiser viktige spørsmål om korleis plattformene påverkar valet og mediebruken til ungdommane, seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand.

Analysen viser også at det er kjønnsforskjellar i eksponering av skadeleg innhald.

To prosent av Tiktok-videoane og tre prosent av YouTube-videoane som vart analyserte, blir definerte som skadeleg innhald, ifølgje definisjonen til Medietilsynet.

Då blir gutar i større grad eksponerte for innhald om kriminalitet og rus, medan jenter blir eksponerte for kroppspress og spiseforstyrringar.

Medietilsynet skriv at å bli eksponert for innhald betyr at innhaldet blir vist eller gjort tilgjengeleg for brukaren. Det betyr ikkje nødvendigvis at brukaren har søkt etter innhaldet, eller ønskt å sjå det.

Powered by Labrador CMS