nyhende
«Gyda» er på veg mot Vestlandet
Oransje farevarsel for jordskred og flaum også i Sveio.
– Dersom vi får svært rask snøsmelting, kan vi risikere lokale flaumar i tettbygde strøk fordi dei naturlege vatn- og flaumvegane er dekte av store mengder kompakt måkesnø og isblokker, seier Bård Alsaker, leiar for ei ekspertgruppa innanfor vass- og miljøteknikk i Rådgivende Ingeniørers Forening.
Særleg veggrøfter og avløpssluk i tettbygde strøk er ein del stader dekte av knallhard, frosen snø etter snømokinga så langt i vinter. Dermed er dei naturlege flaumvegane stengde, og vatnet hamnar i vegen i staden.
– Då kan ein få lokale, unaturlege flaumbasseng, som igjen kan føre til vass-skadar og ingen tilgang til eigedommane i periodar. Vi tilrår derfor huseigarar til å vurdere eigedommane sine og sjekke korleis snøsmeltinga vil verke inn hos dei. Vi tilrår òg å opne avløpsvegar som stikkrenner, kummar, innløpsrister og liknande for å sikre at vatnet får fri passasje, seier Alsaker.