nyhende

Om hackarar får tilgang til fryseanlegga på norske butikkar kan vi risikere å få øydelagt mat for millionar av kroner.

Hackarar angrip maten vår

Eit nyleg cyberangrep på frysarar i Frankrike øydela mat for millionar av kroner. Når sjølv matoppbevaringa vår er avhengig av nettilgang, gjer det oss sårbare, men det er liten grunn til å tru at samfunnet vil gå tilbake til analoge løysingar.

Publisert

Også butikkjedene i Noreg har kjølesystema sine kopla opp til ein sentraladministrasjon gjennom nettet. I etterkant av angrepa i Frankrike har mellom anna Coop og Rema valt å sjekke tryggleiken på systema sine. Ingen av dei ser likevel ut til å byte ut dei digitale løysingane med noko meir analogt.

– Sjølv om systema kan vere sårbare, så kan eg vanskelig sjå for meg at ein vel å gå tilbake til analoge løysingar. Det er ikkje eit alternativ. Slik samfunnet vårt er bygd opp no, så er det urealistisk at vi ikkje fjernstyrer ting, seier IT-ekspert Torgeir Waterhouse til Nynorsk pressekontor.

– Kvifor må eigentleg frysarar i butikkar vere kopla til nettet?

– Det handlar i hovudsak om at ein kan drive med fjernstyring av administrasjon og enklare kunne gjere felles tilpasningar. Ein slepp å overvake systema i kvar enkelt butikk, svarer Waterhouse.

50 grader i frysaren

Under angrepa i Frankrike skal over 700 kjøleanlegg ha fått heva temperaturen til 50 grader. Sjefsforskar Petter Nekså i Sintef Energi forklarer at hackarane ikkje har skrudd opp temperaturen direkte.

Det er ofte vonsinna statar som står bak når hackarar lukkast med store dataangrep

– Ein bruker varmgass for å avrime fordamparane i frysarane. Ved å hacke seg inn på kontrolleiningane kunne dei gjere at varme blei tilført kontinuerleg, seier han.

Han fortel at temperaturen neppe kunne blitt like høg i vanlege kjøleskåp, men...

– Eg har ikkje full oversikt over kva som potensielt sett kan skje med skåp som er kopla mot internett.

Han har inntrykk av at angrepet i Frankrike har fått fleire til å ta grep.

– Eg vil tru at «alle» med tilsvarande anlegg, som i tillegg òg kanskje har nytta gamal teknologi, har gjort dei grepa som må gjerast for å sikre at noko liknande ikkje vil skje med anlegget deira, seier Nekså.

Aldri heilt trygg

Ifølgje kjeldene skal programvarene på fryseanlegga i Frankrike ha vore utdaterte – noko som gjorde det enklare for hackarar å få tilgang. Ifølgje Torgeir Waterhouse er det viktig å ta tryggleiken på alvor og sørgje for at systema får fungere slik dei er meinte til.

Torgeir Waterhouse trur ikkje vi vil gå tilbake til analoge løysingar for fryseanlegga i butikkane.

– Det handlar om at det er ein del grep ein må gjere for å få det sikkert og solid. I dag finst det veldig store moglegheiter for å byggje mange lag med tryggingsmurar, og det er der svaret ligg, seier Waterhouse.

Han fortel at dei fleste som greier å hacke seg inn i systema, utnyttar kjende feil og manglar.

– Vi ser typisk at dei gongene nokon lukkast med angrep, så er det nokon veldig ressurssterke som står bak – til dømes ein ondsinna, stor og sterk stat. Det er ofte menneskelege svakheiter som blir utnytta av hackarane. Dei får på eit eller anna vis tak i tilgangane til enkeltpersonar, seier han.

Gjer du alt rett, har du altså eit godt utgangspunkt.

– Men det vil alltid vere nokon som prøver å misbruke systema, risikoen vil framleis vere der. Ein kan aldri vere heilt trygg, avsluttar Waterhouse.

Frysarane på butikken er kopla til internett. Det kjem dei òg til å vere i framtida, trur IT-ekspert.
Powered by Labrador CMS