nyhende
Halve Noreg er ikkje symjedyktig - flest i Møre og Romsdal
Ei fersk undersøking viser at nær halvparten av oss ikkje klarer å symje 200 meter i sjøen, som er skulekravet for å bli rekna som symjedyktig.
– Det er kritisk, seier Helge Skjerven, som er rådgivande lege i Frende Forsikring, i ein pressemelding.
I ei undersøking Norstat har gjort for Frende, har 1.000 personar svart på korleis dei vurderer eigne symjeferdigheiter. 47 prosent svarer at dei ikkje klarer å symje 200 meter i sjøen, medan 17 prosent seier at dei klarer mindre enn 50 meter. 5 prosent svarer at dei ikkje kan symje i det heile.
Tal frå Redningsselskapet viser at 43 personar så langt i år har mista livet i drukningsulykker i Noreg. Det er nesten like mange som heile fjoråret totalt, då 49 mista livet som følgje av drukning.
Berre i juni drukna 16 menneske, fire gonger så mange som i juni i fjor.
Andelen som svarer at dei ikkje klarer å symje minst 200 meter, er høgast i Møre og Romsdal (60 prosent), etterfølgde av Finnmark (58 prosent) og Buskerud (55 prosent). I andre enden av lista finn vi Oslo med 30 prosent.