nyhende

Fleire nordmenn ser seg nøydde til å avgrense ferien for å ha råd, ifølgje ei ny undersøking. For mange kan til dømes flyreiser ryke.

Halvparten av oss må stramme inn i ferien

Halvparten av oss må kutte økonomisk i ferien for å få han til å gå opp, viser ei undersøking frå Norstat. Den andre halvparten har ingen problem med å finansiere frivekene.

Publisert


– Noreg er delt på midten. 51 prosent må kutte i planane, medan 49 prosent ikkje treng å gjere nokon endringar. For mange handlar sommarferien i år om kva dei har råd til, ikkje kva dei har lyst til, seier forbrukarøkonom Kenneth Sjåvåg i Sparebanken Norge.

Tala kjem frå ei undersøking Norstat har utført på vegner av Frende Forsikring.

Undersøkinga viser også at 33 prosent seier dei opplever å ha dårlegare råd enn på same tid i fjor.

– Vi høyrer om reallønnsvekst, men folk kjenner det ikkje på kroppen. Når éin av tre kjenner dei har mindre å rutte med, er det ikkje rart at ferien ryk først, seier seniorrådgivar Marius Solberg Anfinsen i Frende Forsikring.

8 prosent seier at dei ikkje kuttar i ferien, sjølv om økonomien eigentleg ikkje strekk til.

– Det seier noko om kor viktig ferie er for folk. Mange strekkjer seg langt for å få den pausen dei treng, men å gjere det med pengar du ikkje har, er ein veldig dårleg idé. Du kjem langt betre ut av det i haust om du set opp eit budsjett for ferien og held deg til det, seier Anfinsen.

Powered by Labrador CMS