nyhende

Den 55 meter lange superyachten «Kahalani» har ankra opp i Vestvikvågen.

Har du 42,5 millionar euro, kan denne bli din

Superyachten «Kahalani» ligg i kveld for anker i Vestvikvågen. Den skal vera eigd av ein rik forretningsmann og er registrert på Malta.

Publisert Sist oppdatert

Ifølge Marine Traffic segla den 55 meter lange yachten frå Odda klokka 09.55 i dag, og har planlagt å vera i Haugesund klokka 12.00 i morgon, tysdag. I kveld har altså «Kahalani» valt å ta ei overnatting i vakre Vestvikvågen.

Namnet på eigaren er hemmeleg, men han har vore registret som eigar sidan «Kahalani» blei levert frå den nederlandske båtbyggarselskapet Feadship i 2010. Ifølgje Boat International blei båten i 2023 lagt ut for sal til den nette sum av 42,5 millionar euro, eller om lag 458 millionar kroner. 

Då får du mellom anna seks kabinar med plass til 11 gjester, to store salongar og eit stort soldekk med jacuzzi, bar og ein spiseplass til 12 personar. Yachten har også god plass til eit mannskap på 13.

Powered by Labrador CMS