Per Kåre Kallevåg er dagleg leiar i Bømlo Hus og stadfestar at dei har sendt inn søknad. Her står han føre marka som skal det skal byggast på.FOTO: Thomas Vallestad Drageset
Slik skal prosjektet sjå ut når det er ferdig, ifølgje Bømlo Hus.FOTO: Bømlo Hus AS
– Har sendt byggesøknad
Bømlo Hus stadfestar at prosjektet deira i Sveio har framgang.
I sommar sette dei opp eit reklameskilt for deira nye bustadsprosjekt i Sveio. No har det gått nokre månader og Bømlo Hus kan melda at det går framover.
– Status er at byggesøknader er sendt, skriv dagleg leiar Per Kåre Kallevåg i ein sms.
Søknaden vart sendt inn onsdag den 11. oktober, og dei reknar med nokre veker med handsaming før dei får svar.
– Me håpar på oppstart om fire til fem veker, eller så snart me har byggeløyve, skriv Kallevåg.