nyhende

Magnor teiknar ved eit bord medan Caroline og Ellinor ser på under ein haustmarknad.
Hulken (t.v.), betre kjend som Magnor Kallevik Bagne (4), var på haustmarknaden saman med mor Caroline og Ellinor (1).

Haust­marknad skaper liv i bygda

I strålande solskin var det mange som fann vegen til ein gymsal fullstappa av freistingar for store og små under haustmarknaden på Vikse.

Publisert

Med eit brennande ønskje om å skapa endå meir liv i bygda, inviterte Maria Vallestad Drageset og Kristine Årthun Dahlseng i «Vikse Aktivitetstilbud» til haustmarknad i gymsalen på Vikse skule laurdag. 

Allereie på utsida av bygget trefte ein på første seljar, som kunne skryta av å ha den beste utsikta av alle denne solrike novemberdagen. Viksefjorden låg nemleg blikk stille og kunne vore motiv for både Tidemand og Gude.

Yrande liv

Inne i gymsalen yra det av liv og på marknadsborda var det noko for ein kvar smak. Alt frå klede og kunst til honning og eplejus. Blant nytt og heimelaga var det også dei som selde pent brukte spel, leiker og bøker.

Innerst i salen var det sett ut bord og stolar slik at besøkande kunne nyta ein kopp kaffi og ein kakebit som var å få kjøpt i kiosken. Arrangørane hadde også stelt i stand både ansiktsmåling, teiknebord og natursti.

Ei travel tid

Medan nokre av seljarane på dei rundt 20 borda i gymsalen var nye i geskjeften, var det somme som har vore kremmarar på marknadar lenge. Dei har travle tider no i månadane før jul. Talet på arrangement på Haugalandet og Sunnhordaland åleine er nok til å halde ein opptatt kvar helg fram til jul.

– I fjor kunne eg ikkje laga kransar raskt nok, dei blei kjøpt med ein gong. Det er kjekt når ei vare blir etterspurt, seier ei av seljarane.

Praten går livleg rundt borda og både plastboksar frå tupperware og heimestrikka sokkar finn nye eigarar. Ut frå døra til kiosken kjem ei av initiativtakarane Kristine Årthun Dahlseng med påfyll av kakegaflar og serviettar.

Gratisprinsippet

– Me håper det blir ein fast tradisjon. Eg trur det er noko folk har sakna. I dag er det godt oppmøte og ei positiv stemning, smiler Kristine.

«Vikse Aktivitetstilbud» er ein frivillig organisasjon som har som mål å tilby gratis aktivitetar til små og store i Viksekrinsen. Inntektene frå haustmarknaden vil vera med å styrka tilbodet. Med målarpensel i hand på ansiktsmålestasjonen skryt den andre initiativtakaren, Maria Vallestad Drageset, av sambygdingane sine.

Kristine Årthun Dahlseng og Maria Vallestad Drageset smiler saman på ein haustmarknad.
Initiativtakarane Kristine Årthun Dahlseng (t.v.) og Maria Vallestad Drageset brenn for å skapa liv i bygda og håpar haustmarknaden blir ein tradisjon.

– Det har vore lett å få kakebakarar og hjelp til å stella i stand. Dette er dugnadsbasert og viksebuen stiller opp, seier Maria

Dei to eldsjelene stiller gjerne opp til fotografering og seier begge at dei allereie gler seg til neste gong. I mellomtida inviterer dei til «Viksetrimmen» kvar måndag, «Gymleik» for barn i barnehagealder kvar tysdag, yoga på torsdagar og «Open hall» dei fleste søndagar.

Powered by Labrador CMS