nyhende

Havforskingsinstituttet anbefaler å innføre fredingsperiode i gytetida før raudspette, for å hindre overfangst.

Havforskings­instituttet vil frede raud­spette i gyte­perioden

Raudspette bør fredast langs norske­kysten i mars og april, anbefaler Havforskings­instituttet (HI).

Publisert

Forskarane trur ikkje uttaket er for høgt i dag, men er bekymra for konsekvensane dersom fisket aukar.

Sidan 2014 har fangsten av raudspette auka i Nord-Noreg, samtidig som prisen har stige dei siste åra.

– Dette er den viktigaste gyteperioden for arten i Nord-Noreg. Langs kysten vår er det mest raudspette i nord, og det er her fangsten er størst, seier havforskar Kjell Nedreaas i HI i ei pressemelding.

Bakgrunnen er ein ny rapport som summerer opp historiske fangstdata og tilgjengelege biologiske data om raudspette langs norskekysten.

- I kombinasjon med fredingsperioden kan auka minstemål bidra til god reproduksjon og til ein robust bestand, seier Nedreaas.

Dersom fisket held fram med å auke, meiner HI at også ein auke av minstemålet nord for Stad bør vurderast. Gytefredinga blei innført i 1933 og oppheva i 1991.

Powered by Labrador CMS