nyhende

Havregraut har blitt populært blant unge kvinner, og sosiale medium har bidrege til å løfte den tradisjonelle frukosten med nye smakar og toppingar.

Havregraut har blitt trendy blant unge kvinner

Havregraut har fått ein ny generasjon tilhengjarar. Heile 36 prosent av kvinner under 30 år et havregraut minst éin gong i veka, viser ei undersøking frå Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt (MELK).

Publisert

På landsbasis et 21 prosent av nordmenn havregraut kvar veke. Blant unge mellom 18 og 29 år er delen 26 prosent, mot 18 prosent blant dei over 60 år.

– Det er interessant at unge kvinner er dei ivrigaste grautspisarane. Kanskje handlar det om at havregraut er enkel å lage, lett å variere og sunn, seier Terese Glemminge Arnesen i MELK.

Ho peikar på at sosiale medium som TikTok og Instagram har gjort den tradisjonelle frukosten meir spennande. Nye variantar med smak av gulrotkake og ostekake, eller topping som bær, nøtter og peanøttsmør, har gjort grauten populær blant unge.

Kjøleskapsgraut, der havregryn blir blanda med mjølk og yoghurt og står i kjøleskapet over natta, har òg fått mykje merksemd.

Ifølgje MELK inneheld havregryn fiber som er bra for fordøyinga, medan mjølk bidreg med mellom anna protein, kalsium og jod.

Powered by Labrador CMS