nyhende
Heidi tok sin femte pallplass med soprankornetten
Heidi Magnesdatter Åsbø tok ein ny pallplass i ein internasjonal konkurranse for soprankornett. Då ho spelte inn årets konkurransestykke, tok ho med seg orgelet, sjølv om komponisten hadde skrive stykket utan.
– Det er kjempestas. Det kjem jo litt tårer og slikt. Det er jo veldig kjekt at nokon som kjem frå vesle Sveio, kan hevda seg internasjonalt, seier Åsbø.
Konkurransen blir arrangert på nett kvar september. Deltakarane spelar inn det same stykket og sender inn kvar si tolking. Åsbø fortel at dommarar frå mellom anna England, New Zealand og Australia vurderte opptaka.
Teknisk krevjande
Åsbø har vunne Global Soprano Challenge to gonger før. I 2023 spelte ho eit James Bond-potpurri. Året etter vann ho med sitt eige arrangement av «Chevaliers de Sangreal» frå Da Vinci-koden.
– Eg er vel den einaste blant konkurrentane som har vore på pallen så mange gonger, fortel ho.
Ho har spelt kornett i nærmare 40 år og har spelt i mange sjangrar. Likevel trivst ho best med balladar.
– Her får eg arbeida meir med klangen og lyden, fortel ho.
Årets konkurransestykke skildrar ho som utfordrande og meir teknisk krevjande.
Ho er van med å spela saman med orgel i bryllaup og gravferder, og valde å leggja til orgel for å få betre tak på rytmen.
– Det var ein sjanse å ta. Komponisten hadde skrive stykket utan orgel, fortel Åsbø.
Flukt frå kvardagen
Ho er heller ikkje framand for å komponera sjølv. Då Vestavind dekte den uvanlege nasjonaldagsfeiringa ved Sveio omsorgssenter i 2020, hadde det alt blitt tradisjon at ho spelte sin eigenkomponerte Sveiofanfare på 17. mai.
– Når eg ser at det rører folk, så gir det meg noko. Det fyller hjartet mitt på ein måte, seier Åsbø.
For Åsbø sjølv gir musikken ro.
– For meg er det ei lita flukt frå kvardagen. Eg får skapa musikk og kjenna på mine eigne kjensler. Det gjer meg veldig godt, seier Åsbø.
Ho hadde planar om å trappa litt ned, men det har blitt meir og meir. No har ho ein operakonsert med Kopervik Musikkorps på planen.
– Eg skal også til Valestrand for å spela på ein julekonsert i desember.
I februar skal ho spela i NM. Åsbø fortel at ho også er blitt spurd om å spela solo i ein konkurranse i Sveits.
– Det ballar litt på seg, og det er jo veldig kjekt.