nyhende

Henta av luftambulanse etter traktorvelt

Laurdag føremiddag blei ein eldre mann skada i eit traktorvelt på Økland.

Publisert

Politiet fekk fekk melding om ulykka klokka 11.30 laurdag. Traktoren hadde køyrt av vegen og ned ein skrent. Det var ikkje andre involvert i ulykka.

– Føraren, ein mann i 70-åra, var ikkje fastklemt, og fekk hjelp av folk som kom til før brann, ambulanse og politi kom til staden. Mannen blei sendt til sjukehus i Stavanger med luftambulanse. Skadeomfanget er ukjent, seier vaktsjef Ingvild Vea ved Haugesund polititistasjon måndag føremiddag.

Politiet har ikkje oppretta sak.

Powered by Labrador CMS