nyhende

Ei kvinne og eit barn et bakverk saman ved eit bord.
Thale Dyrrdal (6) og Malin Dyrrdal nyt ein hamburger då Sveio IL inviterte til Torsdagkvelds.

Her får alle gratis kveldsmat

Kvar torsdag inviterer Sveio IL til gratis kveldsmat på Sambrukshuset. Denne kvelden gjekk 160 burgerar unna på éin time.  

Publisert

 – Kan eg få ein til?

Det herska liten tvil om at kveldsmaten denne torsdagen fall i smak hos dei frammøtte. Burger etter burger blei lagd opp. Éin etter éin forsvann dei.

– Me prøver å bruka det som er igjen etter arrangement. Etter Salamanderløpet hadde me mykje pølser og pølsebrød til overs fordi det var så dårleg vêr. Då brukte me det på Torsdagkvelds, og maten blei eten opp, seier Torleif Bjelland.

Tilbod til alle

Saman med dei andre frivillige legg han ned fleire timar i månaden for å organisera Torsdagkvelds. På menyen står gratis kveldsmat og sosialt samvær.

– Tanken er at alle som vil, kan koma og få seg eit gratis måltid, fortel Bjelland.

Også gjestande idrettslag har fått mat på Sambrukshuset.

– Når det har vore kveldskampar på kunstgrasbanen, har me hatt motstandarlag som har kome inn og ete kveldsmat. Tilbodet er absolutt ope for alle, forklarar Håkon Kvarme Thorsen, dagleg leiar i Sveio IL.

– Det er inkluderande, og det er flott at det går breitt ut til alle. Det blir eit fint samlingspunkt, seier Marit Kristine Lye Bårdsen.

Smilande barn framfor eit vindauge, med ein vaksen person og mønstra gardiner rundt.
Jørgen Røssland (5) saman med Malin Lye Espeland. – Eit veldig kjekt tilbod, meiner Lye Espeland.

Ho har sett seg ned med familien for å eta kveldsmat på Sambrukshuset. Her har ho fått selskap av Malin Dyrrdal.

– Me har vore her eit par gonger og synest dette er eit veldig flott tilbod. Spesielt etter trening. Det blir ei fin avslutning på kvelden, seier Dyrrdal.

Samarbeid

Klubben har eit godt samarbeid med Coop Extra i Sveio. Der får dei mellom anna frukt som nærmar seg utløpsdato, men som framleis kan brukast i smoothie.

Pengane til kveldsmaten kjem frå pantebuene ved Kiwi og Extra, og frå støtteordningar som klubben søkjer på.

– Pengane frå pantebuene går direkte til Torsdagkvelds og innkjøp av mat. Me søkjer også om midlar frå Haugesund Sparebank og andre aktørar, seier Kvarme Thorsen.

Tilbodet blei starta for om lag fem-seks år sidan. Kvarme Thorsen meiner dette er eit naturleg område for idrettslaget å bruka pengar på.

Fire personar viser fram tallerkar med mat i eit kjøkken.
Det ligg mykje dugnadsarbeid bak tilbodet. Her er dugnadsgjengen representert ved Bente Alsaker, Aud Lillian Alsaker, Iselin Møller Hegre og Brynhild Herheim.

– Me brukar gjerne meir pengar på dette. Det å kunna ha eit slikt tilbod til folk flest, uansett om dei er medlemer eller ikkje, er viktig, seier Kvarme Thorsen.

Vanlegvis serverer dei toast, smoothie, brødmat, kokte egg og eggerøre. På det meste har dei brukt 105 egg på éin kveld. Bjelland meiner tilbodet har mykje å seia for nærmiljøet.

– Det er mange som treng denne kvelden og ser fram til han gjennom veka. Eg trur det er veldig viktig å gjera noko slikt. Det synleggjer både idrettslaget og huset, seier han.

Treng frivillige

Men det krev sin kar eller kvinne når 160 burgerar skal serverast på ein time. Førebels har tilgangen på frivillige vore god nok, men fleire har no gitt seg. No håpar dei at andre frivillige vil vera med og bidra.

Personar samla rundt ein disk i ein butikk, med drikkevarer og svarte T-skjorter med tekst.
Hamburgarane som blei serverte, gjekk unna i ein fei. 160 på 60 minutt.

– Det kan vera to eller tre gonger i løpet av hausten eller våren. Dette er ein måte å vera med og bidra med noko positivt i nærmiljøet på, seier Kvarme Thorsen.

For Bjelland handlar arbeidet om meir enn mat.

– Eg får ei god kjensle inni meg når eg ser korleis ungane kosar seg. Eg blir ofte rørt. Ikkje berre éin gong, men nesten kvar gong eg er oppe og ser dei kosa seg med maten, seier Bjelland.

Powered by Labrador CMS