nyhende
Historisk dårlege lese- og rekneferdigheiter blant danske og svenske skuleelevar
Alle fem nordiske land presterer markant dårlegare i Pisa-undersøkinga i år. Størst er tilbakegangen i Danmark.
Samla sett har svenske elevar aldri gjort det så dårleg i Pisa-målingane dei siste 25 åra. Resultatet i Danmark er også det lågaste sidan undersøkinga vart innført i 2000, og danske elevar opplever størst tilbakegang i Norden.
– Ein tredel av dei svenske 15-åringane når ikkje opp til det OECD definerer som eit grunnleggjande nivå i lesing og matematikk. Det er svært alvorleg, sidan lesing og rekning er grunnleggjande ferdigheiter på skulen, i kvardagen og for å kunna delta aktivt i samfunnet, seier analysesjef Anna Castberg i det svenske skuleverket i ei pressemelding.
Pisa er ei internasjonal undersøking av kompetansen til 15-åringar og blir gjennomført i 91 land. Ho testar ferdigheiter i lesing, rekning og naturfag.
– Fram til 2015 låg dei danske Pisa-resultata ganske stabilt. Sidan då har dei hatt ein løpande nedgang, og den utviklinga held no fram, seier Vibeke Tornhøj Christensen, prosjektleiar for den danske Pisa-undersøkinga.
Samtidig som Sverige og Danmark opplever sterk nedgang, går også ei rekkje andre land tilbake. I Norden får alle fem landa dårlegare resultat, og sterke Pisa-land som Singapore, Japan og Sør-Korea har også gått tilbake under undersøkingane i år.