nyhende

Helga Reinertsen har tatt vare på Vestavind-utgåva frå 27. august 1987, der eitt av oppslaga på første side handla om namnekonkurransen der ho blei vinnar.

Ho gav namnet til lokalavisa

Vestavind heitte amatøravisa som blei starta i Buavåg i 1986. Men var namnet brukbart også på ei profesjonell lokalavis?

Publisert

Vestavind heitte amatøravisa som blei starta i Buavåg i 1986. Men var namnet brukbart også på ei profesjonell lokalavis?

Om dette spørsmålet var meiningane delte, også i gruppa som arbeidde med å førebu oppstarten av den nye avisa i 1987. Vestavind-namnet avspegla at initiativet hadde kome frå vestkanten av Sveio. Og rett nok skulle avisa framleis ha kontor i Buavåg, men samstundes vera eit bygdeblad for heile kommunen. Var det då rett å framheva ei av bygdene framfor andre gjennom sjølve namnevalet?

Vestavind gjennom 40 år

Vestavind er 40 år i 2026, og i ein serie artiklar vil me gjennom dette året fortelja avisa si historie og presentera ein del av dei personane som i ulike roller og til ulike tider har vore med på å prega utviklinga.

Klikk på taggen VESTAVIND 40 ÅR nedst i saka, så får du opp alle sakene så langt om historien til Vestavind.


Lyste ut namnekonkurrase

Styret i det nyetablerte aksjeselskapet valde å lysa ut ein namnekonkurranse, sikkert også for å gi innbyggjarane i kommunen eigarskap til avisa ved at dei fekk vera med å bestemma kva nykomlingen skulle heita. Sparebanken Vest lova premie til vinnaren av konkurransen.

Mange engasjerte seg, mellom desse den relativt nyutdanna sjukepleiaren og aktive lokalpolitikaren Helga Reinertsen frå Tjernagel. I politikken representerte ho Senterpartiet. På eit styremøte heime hos dåverande ordførar Sigmund Robbestad i Førde, blei det også tid til å diskutera namnet på lokalavisa.

Støtte frå ordføraren

– Eg synest no at namnet Vestavind er meir enn fint, sa eg. Robbestad var i grunnen samd i dette. Men du kan jo leggja til «bygdeblad for Sveio» eller noko liknande, la han til. Sigmund Robbestad har dermed litt av æra for det forslaget eg sende inn, fortel Reinertsen.

Ikkje berre styrerepresentantane i det lokale Senterpartiet, men også styret i det nystarta avisselskapet likte Reinertsen sitt forslag «Vestavind – bygdeblad for Sveio». Ho blei dermed kåra til vinnar av namnekonkurransen.

Banksjef i Sparebanken Vest si avdeling i Sveio, Helge Sveen overrekte pokal til Helga Reinertsen som vinnar av namnekonkurransen for lokalavisa. Bildet sto første gong på trykk i Vestavind 27. august 1987.

På topp på førstesida i den første avisutgåva 27. august 1987 blir namnevalet kunngjort. Artikkelen er illustrert med eit bilde av dåverande banksjef i Sparebanken Vest si Sveio-avdeling, Helge Sveen, som overrekkjer pokal til Helga Reinertsen.

– Her er både pokalen og den første avisutgåva, viser Reinertsen fram.

Bind kommunen saman

I dag er det knapt nokon som stiller spørsmål ved namnet på lokalavisa, og Reinertsen meiner avisa har vore og er «super for Sveio», for å bruka hennar eigne ord.

– Innhaldet er lokalt og hjelper oss å bli kjende i vår eigen kommune. På den måten er Vestavind med på å binda kommunen saman, seier ho vidare.

Få kjenner Sveio og sveibuane betre enn Reinertsen, etter at ho har hatt mesteparten av yrkeslivet sitt innan heimesjukepleien i kommunen. Heimesjukepleien i Sveio blei oppretta i midten av 1976, med Arne Sørvåg Danielsen som første tilsette. Reinertsen, som den gongen var hjelpepleiar, byrja 1. januar 1977.

Etter nokre år utdanna ho seg til sjukepleiar og var deretter seks år på sjukeheimen i Sveio før ho rundt 1990 kom tilbake til heimesjukepleien og leia denne delen av omsorgstenesta – under fleire ulike titlar – fra til 2008.

Kjenner sveibuane

– Eg har vore i alle krikar og krokar av kommunen og har alltid likt å snakka med gamle folk. Dermed har eg fått godt innsyn i folk sine livsvilkår og meiningar rundt omkring.

Helga Reinertsen på Tjernagel viser fram pokalen ho fekk som vinnar av konkurransen om namn på lokalavisa i 1987.

Den første tida gjorde det særleg inntrykk å få høyra om den spenninga det var mellom innbyggjarane i sør og nord. Eldre valestrendingar var irriterte på sveibuane «som tok alle skattepengane deira og bygde sjukeheim på Sveio». Framleis skjønar ho at folk i utkantane kan kjenna seg litt tilsidesette, også i Vestavind sine spalter.

– Hende det at du tipsa Vestavind om noko av det du fekk høyra og sjå rundt om i kommunen?

– Nei, eg var ikkje der då, og var jo også i mange tilfelle bunden av teieplikta, seier ho.

Gjennom 12 år som kommunestyrerepresentant var lokalavisa derimot god å ha, særleg i samband med valkampar.

Kjempebra med nynorsk

Reinertsen var mange år også aktivt styremedlem i Sveio Mållag, og ser lokalavisa sin verdi også frå den synsvinkelen.

– Det er kjempebra at Vestavind er ei nynorsk-avis. Talemålet vårt her i Sveio er jo nynorsk, sjølv om ikkje alle tenkjer så nøye over det. Det er viktig at lokalavisa byggjer opp under dette målføret.

– Kva tenkjer du då om at Vestavind i større grad har opna opp for innhald på bokmål i det siste?

– Eg meiner me må vera litt tolerante overfor ein journalist som berre kan bokmål og tillata dette målføret i alle fall til vedkomande har fått lært seg nynorsk. Me har jo også i tidlegare periodar sett mykje dårleg nynorsk i Vestavind sine spalter, sier Helga Reinertsen.


Powered by Labrador CMS