nyhende
Høgare uføredel enn landsgjennomsnittet
Sveio har fått færre mottakarar av uføretrygd dei siste to åra. Likevel ligg kommunen klart over både lands- og fylkesgjennomsnittet.
Uføretala i Sveio peikar svakt nedover. I juni 2026 fekk 403 personar i kommunen uføretrygd. Det var fem færre enn på same tid året før og ni færre enn i juni 2024.
Liten nedgang
Leiar i NAV Sveio, Camilla Tranøy Forth, meiner likevel det er for tidleg å snakke om eit varig trendskifte.
– Dette kan ikkje slåast fast med sikkerheit. Nedgangen i absolutte tal er liten og kan difor skuldast naturlege variasjonar, seier Forth.
Delen mottakarar i befolkninga mellom 18 og 67 år fall frå 12,0 til 11,7 prosent det siste året. Sveio ligg dermed 1,1 prosentpoeng over landsgjennomsnittet og 2,8 prosentpoeng over gjennomsnittet i Vestland.
Tala viser også at 89 prosent av mottakarane i Sveio har 100 prosent uføretrygd. Dei resterande elleve prosentane har gradert uføretrygd.
Krev samarbeid
NAV Sveio har ikkje eit konkret mål om å redusere talet på mottakarar. Målet er i staden at fleire skal få høve til å delta i arbeid, utdanning eller annan aktivitet, og at dei som har rett på ytingar, får dette til rett tid.
– For NAV Sveio handlar dette mellom anna om å førebyggje fråfall frå arbeid og utdanning, støtte personar med nedsett arbeidsevne i å kome i arbeid og bidra til at fleire kan nytte den arbeidsevna dei har, seier Forth.
Ho peikar på at førebygging krev samarbeid mellom fleire aktørar, mellom anna kommunen, skulane, fastlegane, helsetenestene og lokale arbeidsgjevarar.
– Det viktigaste er ikkje nødvendigvis eitt enkelt tiltak, men å sikre tidleg innsats, koordinert oppfølging og inkluderande moglegheiter for deltaking. Dette vil truleg ha størst potensial for å førebyggje framtidig uførheit, forklarar Forth.