nyhende

Auken i flåttborne sjukdommar dei siste åra ser ut til å halde fram i 2026, og 2026 ligg an til å bli eit nytt toppår, særleg for TBE.

Høgaste registrerte tal på tilfelle av begge flått­sjukdommane

Det er hittil i år registrert 754 tilfelle av lyme borreliose og 147 tilfelle av skogflåttencefalitt (TBE) i Noreg.

Publisert

For begge sjukdommane er det fleire tilfelle enn i noko tidlegare år, viser førebelse tal frå Folkehelseinstituttet.

Samanlikna med dei første 11 månadene i fjor er auken i år 11 prosent for lyme borreliose og heile 58 prosent for TBE, og det før november er over.

– Auken vi har sett i flåttborne sjukdommar dei siste åra ser ut til å halde fram i 2026, og 2026 ligg an til å bli eit nytt toppår, særleg for TBE. Også i nabolanda våre, Finland og Sverige, ser det ut til å ha vore ein rekord i talet på tilfelle av TBE i 2026, skriv overlege Helena Niemi Eide ved Avdeling for smittevern og beredskap ved FHI til NTB.

Professor Randi Eikeland, nevrolog og leiar av Nasjonalt senter for flåttborne sjukdommar, er ikkje overraska over tala.

– Den mest intense smitteperioden er over, men vi får framleis inn meldingar om flåttbitt så det blir nok endå fleire tilfelle på statistikken, seier Eikeland.

Smittehopp i Akershus

Lyme borreliose er i år registrert hos folk frå alle fylka i landet.

Det er registrert flest tilfelle i Vestland, Agder, Rogaland og Møre og Romsdal. I dei tre første fylka er det fleire smitta hittil i 2026 enn noko år tidlegare, med høvesvis 212, 105 og 75 registrerte smittetilfelle.

Det kraftigaste hoppet er det likevel Akershus som står for. Akershus registrerte 50 tilfelle dei 11 første månadene i år i 2025, og så 70 smitta hittil i 2026, ein auke på 40 prosent.

Også TBE har nådd ein ny topp i Akershus, frå 16 tilfelle i fjor til 19 i år. Den offisielle statistikken seier likevel ikkje kvar folk er smitta, berre kvar dei bur.

Ny statistikkløysing

Frå 16. november blei Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) innlemma i FHIs felles statistikkplattform. Då blei også TBE-tilfelle for første gong gjort søkbare. Dei oppdaterte tala frå søndag viser at det er registrert tilfelle av TBE i Telemark, Vestfold, Agder, Rogaland, Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud i alle dei fem siste åra.

I Vestland, Møre og Romsdal og i dei tre nordlegaste fylka er det meir sporadisk at folk får påvist TBE.

Tala viser også at dobbelt så mange menn som kvinner blir diagnostiserte med TBE. Langt dei fleste som får smitten påvist, er over 50 år.

Folk frå heile landet er smitta av flåttborne sjukdommar i år, og det er ikkje berre dei som er ute i marka og skogen som blir smitta.

Dramatisk for barn

Tala viser vidare at barn under 10 år utgjer ei stor gruppe blant dei som får systemisk borreliose. 163 barn har fått det påvist i år.

– Dei minste klarer seg generelt betre enn godt vaksne etter sjukdommen. Det kan likevel vere dramatisk om dei får nevroborreliose, og blir lam i halve ansiktet ein periode. Det er tøft for den det gjeld og familien. Retningslinjene for behandlinga seier dessutan at barn under fem år med nevroborreliose skal ha intravenøs behandling, seier Eikeland ved Flåttsenteret

Ho seier det er viktig at folk er klare over flåttsmitte, og gjer det dei kan for å førebyggje den.

– Det er til dømes ikkje berre dei som er ute i marka og skogen som blir smitta. Nesten like mange som blir smitta i parkar og i eigen hage.

Det finst inga behandling mot TBE-viruset, men ein kan vaksinere seg. Det er særleg aktuelt om ein bur i eller ferdast i område med risiko, og vanlegvis får meir enn eit par flåttbit i året.

– Vi anbefaler å vaksinere seg på hausten, så ein er klar til våren.

Tala i år frå Msis og FHI skal «vaskes for unøyaktigheter». Endelege tal for sesongen i år blir ikkje klare før våren 2027.

Powered by Labrador CMS