nyhende

Denne uheldige karen hadde snøret og krok liggande på bakken, og i det han skulle kaste, dansa snøret bakover og gjorde at kroken festa seg i nasen. – Fjerninga av kroken gjekk veldig bra – han var fin og trygg, og letta over å høyre at eg gjorde dette ofte på vaksne, fortel Ståle Sagabråten, som også har teke biletet.

Høgsesong for fiskekrok-­ulukker: Dette er førstehjelps­triksa du bør kunne

No er det høgsesong for fiskarar som fangar seg sjølv på sylskarpe fiskekrokar. – Alle bør ha med seg ei tong i fiskeveska og lære seg å bruke ho, rår legespesialist.

Publisert

– Å fjerne ein fiskekrok handlar som oftast om å skyve kroken vidare inn i huda, slik at mothakane kjem ut av huda ein annan stad enn der kroken gjekk inn. Då kan du klippe av mothakane før du trekkjer resten av kroken attende og ut, seier Ståle Onsgård Sagabråten, som er spesialist i allmennmedisin og leiar fagstyret i Den norske legeforening.

– Fjerninga er meir eit handverk enn noko som krev akademisk utdanning. Dei fleste som er nokolunde fingernemme, greier fint å fjerne ein krok, om dei berre har med seg litt ekstra utstyr i fiskeveska, meiner fastlegen.

Sprit og tong

Uheldige fiskarar som har fått seg sjølv på kroken dukkar nemleg opp i hopetal på legekontora kvar einaste sommar. Ofte sit fiskereiskapen fast i hovudet, bakpå ryggen og i fingrane, men dei hektar seg òg fast i nasar, øyre, leggar og kjakar.

Ettersom mange fiskarar gjerne går langt for å komme til dei hemmelege fiskevatna sine, får dei også ein lang heimtur med kroken i huda når dei skal oppsøkje lege.

Med ei kombitong kan du bruke avbitaren til å klippe av mothaken på kroken, og nebbet til å dra ut resten av kroken med.

Ein slik smertefull retur meiner Sagabråten fleire kunne spart seg for, om dei hadde ei tube bedøvingsmiddel, ei kombitong og desinfiserande væske som ein del av standardutstyret i fiskeveska.

– Om du smør den bedøvande salva Xylocain på huda rundt kroken og ventar litt før du fjernar han, går det stort sett veldig fint. Mange fiskarar gjer dette sjølv heile tida, og me gjer det på same måten på legekontoret, forklarar han.

Med ei kombitong kan du nemleg bruke avbitaren til å klippe av mothaken på kroken, og nebbet til å dra ut resten av kroken med.

Deretter gjeld det å desinfisere såret.

Når skaden har skjedd

  • Viss spissen på kroken ikkje har gått gjennom huda og er synleg, må du presse han ned i huda slik at spissen kjem over hudoverflata att. Så klipper du av mothaka og trekkjer kroken attende og ut. Reins deretter såret.

  • Om du ikkje har fått stivkrampevaksine dei siste fem åra, bør du oppsøkje legen og få ei påfylldose innan 48 timar etter skaden.

  • Om du må oppsøkje lege: Klipp av snøret så nær kroken som mogleg og legg kompressar rundt kroken, slik at du kan plastre eller bandasjere over kroken. Då unngår du at kroken hektar seg fast i andre ting undervegs og gjer større skade.

– Har du ikkje Pyrisept, men ein skarp ein på innerlomma, er sprit eit godt alternativ, lovar fastlegen, som elles ikkje oppmodar til alkoholinntak ved vatn.

Han tek berre høgde for at somme har med seg ein knert for å feire det som skulle ha blitt ein heilt annan fangst – og meiner folk generelt må lære seg å nytte det dei har for handa.

– Om du ikkje har fått stivkrampevaksine dei siste fem åra, bør du likevel oppsøkje lege og få ei påfylldose, til dømes dagen etter skaden og helst innan 48 timar. Du treng altså ikkje avbryte fisketuren på dagen, forsikrar han.

Ein mann, to krokar

Sagabråten understrekar at han ikkje tilrår nokon å prøve og fjerne fiskekrokar med kniv eller andre skarpe instrument.

Har du gløymt tong, bør du altså overlate fjerninga til ein lege.

Det bør du også om kroken sit i eller nær auga, eller på stader der det er vanskeleg å koma til sjølv. Alternativt kan du kontakte AMK med videoanrop for å få deira vurdering og råd.

Endar du med å dra til legevakta, er det lurt å feste heile kroken til huda med eit plaster først, slik at han ikkje bevegar seg og gjer større skade på vegen.

Uheldige fiskarar som har fått seg sjølv på kroken dukkar opp i hopetal på legekontora kvar einaste sommar. Ofte sit fiskereiskapen fast i hovudet, bakpå ryggen og i fingrane.

– I sommarmånadane er fiskekrokskadar nesten eit dagleg fenomen, og sjølv om det er mange ungar som får si første fiskeopplæring på denne tida, er det flest vaksne som kjem med seg sjølv på kroken, seier Sagabråten.

Somme av dei skulle nok ønskt at dei hadde hatt utstyr til å ordne opp i fiskeulukkene sjølv, humrar han:

– Eg hadde ein vaksen kar som var innom legekontoret to gonger på same dag for å få fjerna to ulike fiskekrokar.

– Då han dukka opp andre gongen, vart me samde om at det ville vere flaut om han dukka opp ein tredje gong. Og at det nok difor var like greitt at han berre pakka saman fiskestonga for dagen.

Før du kastar ut snøret

  • Ha alltid med kombitong, Xylocain og Pyrisept som ein del av det faste fiskeutstyret.

  • Ikkje beveg deg rundt med sluken hengande frå toppen av fiskestonga. Sluken skal alltid festast på den nedste stongringen.

  • Oppbevar fiskekrokar trygt og utilgjengeleg for barn. Om ungane fiskar sjølv, kan du skifte ut treblekrokar med ein enkeltkrok. Då skal det meir til å hekte andre i kastet.

  • Bruk briller. Det er ei billeg forsikring mot å få krok i auget. Om brillene i tillegg er polaroide, fjernar dei òg mesteparten av glansen på vatnet. Då ser du både fisken og fiskeplassen betre.
















Powered by Labrador CMS