nyhende
Høgsesong for påkøyrsel av hjortevilt
På to døgn var det 19 viltpåkøyrslar i Sør-Vest politidistrikt. I oktober er det registrert tre i Sveio.
Onsdag ettermiddag kom følgande oppfordring frå operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt:
– Generell oppfordring til køyrande. Ver årvakne, tilpass farten ved manglande sikt, bruk eigna lys og følg med på fareskilta. Det er årstida for påkøyrslar av vilt, og då spesielt rådyr. Som oftast skjer dette i skumring og grålys. Berre siste to døgna er det meldt om 19 slike påkøyrslar i vårt distrikt.
Tre tilfelle i Sveio
Det går mot slutten av brunsttida for hjorteviltet, og dyra bevegar seg meir. Kombinert med haust og mørke, kan det føra til auke i viltpåkøyrslar.
I Sveio er det meldt om tre tilfelle av såkalla fallvilt i oktober, som er parringsmånaden for hjortevilt.
– Eit rådyr blei påkøyrd av bil og avliva på Ekrene 4. oktober. Ein ung hjort blei påkøyrd av bil på Lio den 20. oktober. Dyret forsvann etter påkøyrselen, men blei funne etter ettersøk og avliva, seier Håkon Aamodt, rådgivar plan, eigedom, byggesak og landbruk i Sveio kommune
Hjort og motorsykkel kolliderte
Den siste hendinga skjedde på Austvik 23. oktober Der blei ein vaksen hjort påkøyrd av ein motorsykkel. Det blei sett i verk ettersøk, men dyret blei ikkje funne.
– Rådyrpåkøyrslar skjer over alt i kommunen, medan det for hjort er enkelte plassar med større risiko for å treffa på dyr. Som Austvik og innkøyringa til Håvardsholm, seier Aamot.
Han oppmodar køyrande til å vera obs i hautsmørket. Tilpass farten, følg med langs vegkantane – eit dyr kan komma fort. Og brukt fjernlys når du kan, også der det er gatelys.
Ring politiet
Skulle det gå galt, er det viktig at ein ringer politiet med ein gong.
– Ein har plikt till melda frå. Det er også viktig i høve til forsikring. Har du ikkje meldt frå, har du lite å visa til om bilen får skadar, seier han.
Har du meldt ifrå, mister du ikkje bonus på bilforsikringa. Eit anna pluss er at eigenandelen blir redusert hos dei fleste forsikringsselskapa.