nyhende

– Vi et altfor mykje sukker, seier Bent Høie.

Høie-utval foreslår sjokolade­­avgift: – Vi et altfor mykje sukker

Som helseminister var Bent Høie med på å fjerne avgifta på sjokolade og brus. No vil han ha ho tilbake, og meiner det er svimlande summar å spare på helseeffekten.

Publisert

– Vi et altfor mykje sukker, og det har store negative konsekvensar for helsa vår, seier Høie til NTB.

Den tidlegare helseministeren har leidd utvalet som har sett på det norske matsystemet, og fredag var han tilbake i Marmorhallen i Oslo for å presentere arbeidet.

Ein av konklusjonane er at for få følgjer kosthaldsråda, noko som kostar samfunnet dyrt.

– For mykje av ressursane i samfunnet blir brukt på behandling av sjukdommar som kunne vore unngått om fleire hadde ete i tråd med kosthaldsråda, sa Høie.

Fjerna avgifta – vil ha ho tilbake

Utvalet foreslår å gjere det billigare å ete sunt, og dyrare å ete usunt. Dei har derfor henta ei mykje diskutert avgift opp av hatten: den tidlegare sjokolade- og sukkervareavgifta, som gjer sukkerhaldig brus og sjokolade dyrare.

– Utvalet foreslår å auke avgifta på sukker, innføre ei gradert sukkeravgift på sjokolade- og sukkervarer, og innføre ei gradert sukkeravgift på alkoholfrie drikkevarer, seier utvalsleiaren.

Noreg hadde ei slik avgift fram til 2021, då Solberg-regjeringa – med Høie som helseminister – fjerna ho.

Godteri, sjokolade og sukkerhaldig brus kan bli dyrare viss utvalet får viljen sin..

Han svarer ikkje direkte på om det var ein tabbe å fjerne avgifta sist.

– Det beste vil vere å innføre denne avgifta, men då med ei anna grunngiving, nemleg folkehelse og ikkje luksus, som det var sist, seier han.

Utvalet foreslår også fleire andre grep for å gjere sunne matvarer billigare.

– Det er mogleg å kutte momsen på sunnare varer, men også å subsidiere dei. Utvalet er tydeleg på at pris er eit verkemiddel som må brukast for å få oss til å ete meir fisk, meir frukt og grønt, og meir grove kornprodukt, seier Høie.

– Utrulege tal

Høie meiner Noreg kan spare svimlande summar på helseutgifter om fleire følgjer kosthaldsråda.

– Det er mange berekningar på det, og tala er så store at det nesten blir oppfatta som litt utruleg. Det er snakk om fleire hundre milliardar kroner i året ut frå dei berekningane som Helsedirektoratet har gjort, seier Høie.

Han meiner saka må løftast høgare opp.

– Eg er litt forundra over at vi engasjerer oss så veldig i korleis vi organiserer ei helseteneste som skal reparere desse skadane, medan ein ikkje ser eit tilsvarande engasjement for å faktisk unngå at skadane oppstår, seier han.

– Skulle gjerne ha gjort meir

Den tidlegare helseministeren peikar på at usunt kosthald er blant dei viktigaste risikofaktorane for ikkje-smittsame sjukdommar, sånn som diabetes type 2 og enkelte typar kreft og hjarte- og karsjukdommar. Denne typen sjukdommar står for cirka 70 prosent av den totale sjukdomsbyrda.

Tidlegare helseminister Bent Høie har leidd ekspertutvalet som har sett på det norske matsystemet.

– Kjenner du at du gjorde nok for å få folk til å følgje kosthaldsråda då du var helseminister?

– Nei, det gjorde eg ikkje. Eg gjorde mykje. Eg fekk etablert samarbeidet med næringsaktørane om å bidra til å få mykje sukker og salt ut av maten til befolkninga. Men eg skulle gjerne ha gjort mykje meir, og eg håpar at dette kunnskapsgrunnlaget som vi leverer no, gjer at dagens helse- og omsorgsminister får ein lettare jobb enn det eg hadde med å kunne komme med tiltak.

– Følgjer du sjølv kosthaldsråda?

– I så stor grad som eg klarer, og eg trur at eg er ganske i tråd med kosthaldsråda, ja.

Matministeren: – Garantert debatt

Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) var til stades for å ta imot råda. Han svarer slik på kva han synest om ei ny sukkeravgift:

– No skal vi sende ut heile denne omfattande utgreiinga ut på høyring, sånn at alle innbyggjarar i Noreg kan delta i å diskutere heilskapen og komme med synspunkta sine.

Utvalsleiar Bent Høie overleverer konklusjonane frå Matsystemutvalget til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

Før dei tok over i regjering i 2021, uttrykte Arbeidarpartiet eit ønske om å gjeninnføre ei sukkeravgift. I dagens Ap-program står det at partiet ønskjer å gjere sunt kosthald meir attraktivt gjennom økonomiske insentiv, og at dei vil gjere sunne val lettare tilgjengeleg enn usunne val.

– Det er jo alltid vurderingar av ein i skatte- og avgiftspolitikken. No har utvalet komme med nokre konkrete forslag som garantert vil skape ny debatt, seier Sandtrøen.

Powered by Labrador CMS