nyhende

Det er klart for ny sesong med hummar på direktesending.

Hummar­teina minutt for minutt

Hummarteina live er tilbake etter eitt års teknisk pause, og frå 1. oktober kan publikum igjen følgje humrane frå 14 meters djup i Flødevigen.

Publisert

Forskingsteknikarane Tor Einar Lien og Inger Aline Aanonsen skal etter tur trekkje teina kvar dag klokka 12.00. Årets sending varer til og med 11. oktober, skriv Havforskingsinstituttet.

Hummaren blir registrert, målt og vegd før han blir sleppt ut att. I år skal forskarane måle ryggskjoldet i staden for totallengda. Ryggskjoldet må vere minst 90 millimeter, medan det også finst eit maksimalmål på 115 millimeter i området frå Agder til svenskegrensa.

Havforskingsstasjonen har eit freda område rundt seg, og det er derfor mange store humrar der. Fleire er merkte frå tidlegare år, og forskarane håpar å få sjå nokre av dei att. Kameraet kan òg vise andre sjødyr.

Powered by Labrador CMS