nyhende

Natt til søndag skiftar me frå sommartid til vintertid.

I helga skal klokka stillast ein time tilbake

Klokka 03.00 søndag 25. oktober stilles klokka tilbake til 02.00, og me startar på vintertid.

Publisert

Eller som tommelfingerregelen seier: ein stiller klokka mot sommaren. Me får ein ekstra time med natt dette døgnet, og det blir tidligare mørke om kvelden. Laurdag 24. oktober står sola opp 08.38 og går med 18.05. Dagen etter er det soloppgang 07.41 og solnedgang 17.03.

Historien om sommar- og vintertid er ønsket om å nytta dagslyset best mogeleg, spara kol og etter kvart straum.

Ein time meir søvn eller jobb

For alle som ikkje skal på jobb betyr overgangen til vintertid, eller normaltid, at ein kan sova ein time meir. For dei som sørger for at samfunnet går rundt også om natta, betyr det for mange ein time lengre på jobb.

I nyare tid ser det ut til at sommartid har liten effekt på energiforbruket. I USA har ein rekna på effekten av sommartid, og dei har kome fram til at landet som heilskap sparar 0,03 prosent straum på å stilla klokka.

Innført, fjerna og innført igjen

Sommartid har vore innført og fjerna fleire gongen i Noreg. Sommartid, som også fører til vintertid, vart avvikla etter 2. verdskrig. Så blei sommartid innført igjen på slutten av 50-tallet, før ordninga nok ein gong blei avvikla av Stortinget i 1965.

I 1980 bestemte Noreg seg for å følga resten av Europa, og sidan har me halde oss til EU-standarden: Éin time fram siste søndag i mars, og éin time tilbake siste søndag i oktober.

Powered by Labrador CMS