nyhende

Våt veg som svingar gjennom eit skogkledd landskap med fjellskjering.
Statens vegenvesen sitt kamera sør for avkøyringa til Austvik og Håvardsholm viser bar og våt veg onsdag føremiddag. Det kan bli til glatt veg når temperaturen fell frå onsdag kveld.

I natt kan det bli sesongens første snøfall

Utover onsdag kveld vil temperaturen falla, og det kan koma snø i løpet av torsdagnatta. – Har du du sommardekk på bilen bør du la den stå, er oppmodinga frå vakthavande meteorolog.

Publisert

Etter nokre dagar med normal mild og vått vestlandshaust, endrar vêret seg dei kommande døgna. Det startar onsdag kveld med fallande temperatur, og nedbøren kan koma som snø ganske langt ned natt til torsdag.

– Me har gått ut med varsel om 5-10 cm snøfall over 100 meter. For Sveio er det heilt i grenseland. Nedbøren vil truleg koma mest som sludd om natta, men det kan vera lokale område der det blir snøfall, seier Morten Haukeland, vakthavende meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– La bilen stå

Sjølv om det berre blir sludd eller regn, vil temperaturfallet gi andre utfordringar.

– Det er venta klarvêr frå torsdag natt til utpå fredagen. Det kjem til å bli så kaldt at det er stor fare for glatte vegar og utfordrande køyreforhold. Har du framleis sommardekk på bilen bør du la den stå, er oppfordringa til meteorologen.

Vekslar mellom bar og glatt veg

Også Statens vegvesen minner om skiftande køyreforhold i tida me er inne i. Me er i overgangen mellom haust og vinter, og føret kan skifta raskt. Vegen kan sjå svart og bar ut, men likevel vera dekka av ei tynn hinne med is, skriv dei i ei pressemelding.

– No må du vera budd på at føret kan veksla mellom bar og glatt veg. Risikoen er særleg stor om morgonen, kvelden og natta, men også i skuggeparti på dagtid. Sjølv om det er svart asfalt kan det vera ei ishinne oppå, seier prosjektkoordinator ved Vegtrafikksentralen, Jørn Jakobsen, i Statens vegvesen.

Ta omsyn

Trafikantene har ansvar for å visa omsyn, tilpassa farten etter forholda og sørga for at bil og dekk er rusta for føret

–  Me tar ansvar for vegen. Du tar ansvar bak rattet. Saman kjem me trygt fram, sier Jakobsen.  

Han oppfordrar også trafikantane til å visa omsyn til dei som er ute for å salta, strø og brøyta.  

– Mannskapa er på vegen for å gjera reisa tryggare for deg. Gi dei tid og plass til å gjera jobben. Unngå uforsvarlege forbikøyringar som kan setta deg sjølv, andre trafikantar og mannskapene i fare, seier Jakobsen

Powered by Labrador CMS