nyhende

Hellas er eit av dei billigaste Syden-landa.

Ikkje bestilt ferie endå? Her er det billigast i Europa

Prisnivået i Noreg auka samanlikna med andre europeiske land i fjor. Noreg er no det sjette dyraste landet i Europa. Det er derimot nokre europeiske land som har mykje lågare prisar.

Publisert

Noreg er på sjetteplass av dei dyraste landa i Europa for tredje året på rad, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det var litt større avstand ned til EUs gjennomsnittlege prisnivå i fjor enn det var i 2024. Dei relative prisane for hushalda i Noreg var 28,6 prosent høgare enn i EU i fjor, mot 27,2 prosent i 2024.

Noreg er det sjette dyraste landet i Europa.

– Denne oppgangen kjem av både at Noreg har hatt ein litt høgare inflasjon enn EU-landa, og at den norske krona styrkte seg noko i 2025, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Tala kjem frå statistikkontoret til EU, Eurostat. Eurostat publiserer i samarbeid med 37 europeiske land kvart år ei oversikt over det relative prisnivået i kvart land.

I fjor var prisane i Noreg berre 6 prosent høgare enn i Sverige. Året før var prisnivået 8,5 prosent lågare i Sverige.

Hit bør du dra

Du bør sjekka prisnivået, ikkje berre vêrmeldinga, når du skal på ferie i Europa, ifølgje SSB.

Billegast av landa som er med i statistikken, er Nord-Makedonia. Landet har eit prisnivå så vidt over det halve av gjennomsnittet i Europa. Bosnia-Hercegovina er nest billigast, med 7,5 prosent høgare prisnivå enn Nord-Makedonia.

Tyrkia er blant dei billigaste landa i Europa.

Tyrkia har lenge botna statistikken, men slik er det ikkje lenger på grunn av ein stor prisauke i landet. Her er prisnivået på 60 prosent av EU-gjennomsnittet.

Syden-landa

Dei landa me tenkjer på som «Syden», ligg midt på statistikken.

Frankrike er det dyraste av dei, som det einaste over EU-gjennomsnittet. Landet ligg 10 prosent over gjennomsnittet i EU. Italia ligg 3 prosent under gjennomsnittet og Spania omtrent 8 prosent under.

Hellas og Portugal er dei billigaste av «Syden»-landa med eit samla prisnivå rundt 13 prosent lågare enn gjennomsnittet.

Dyrast å feriera

Sveits, som lenge har toppa statistikken, toppar han òg i år. Island er ikkje langt bak Sveits. Landet har hatt ein relativt kraftig prisauke og er landet med det høgaste prisnivået for hushalda.

Desse landa har eit samla prisnivå rundt 70 prosent høgare enn gjennomsnittet i Europa og skil seg dermed kraftig ut i toppen.

Danmark er det tredje dyraste landet i Europa, med 40 prosent høgare prisnivå enn gjennomsnittet. Dette mellom anna fordi prisane i hotell- og restaurantbransjen er mykje høgare enn i resten av Europa.

Hotell- og restaurantbransjen er derimot ikkje mykje dyrare i Danmark enn i Noreg, men sidan den danske krona er mykje sterkare, er Danmark høgare på statistikken enn Noreg.

Landa som også er dyrare enn Noreg, er Irland og Luxembourg

Danmark er det tredje dyraste landet i Europa.
Powered by Labrador CMS