nyhende
- Ikkje plag naboen med utebelysninga
No pyntar mange balkongar, hagar og bustader med blinkande og gylne julelys. Det er stemningsfullt og hyggjeleg for dei fleste, men går det for langt, kan det bli plagsamt for andre og til og med vere ulovleg.
Bustader i sameige og burettslag blir regulerte av eigarseksjonslova og burettslagslova. Bustadeigaren skal behandle bustaden og fellesareala fint, og ikkje påføre naboane urimelege eller unødvendige ulemper eller skader. For einebustadene gjeld ei tilsvarande tolegrense gjennom føresegnene i grannelova.
– Når ein bur tett på kvarandre, må ein ta omsyn til kvarandre. Det er ikkje hyggjeleg å få flaumbelysning eller eit sterkt blinkande lys rett inn i stova eller på barnerommet. På fellesareal som svalgangar eller inngangsparti, skal det vere fri passasje for andre bebuarar, båretransport og liknande. Ei stor julekrybbe eller lys og nissar som flaumar utover, kan vere hyggjelege, men her må ein avgrense seg, seier Line Bjerkek, leiar av advokatkontoret i Norsk Boligbyggelag (NBBL), i ei pressemelding.
Dersom du opplever julebelysninga til naboen som plagsam eller til hinder i fellesareala, kan du klage til styret. Først bør du likevel prøve å ta ein hyggjeleg prat med naboen, og sjå om det fører til betring, tilrår Bjerkek.
– Med litt sunn fornuft og velvillig innstilling frå naboane, bør me komme oss heilskinna gjennom julefeiringa, også i år, seier Bjerkek.